I eit framlegg til levekårsutvalet, foreslår administrasjonen i Ørsta kommune å endre gateadressene for Kyrkjegata 4 a, b, c og d til Vikeelvvegen. Eigedomane ligg like bak kyrkja.

– Vi stiller oss undrande til framlegget, som vi måtte lese om i Møre-Nytt. Vi har ikkje motteke saka til høyring, men ser det blir vist til at lokalkjende folk har uttalt seg. Vi undrar oss på kven det er? Vi som bur i Kyrkjegt 4b er sterkt imot at gatenavnet vert endra endå ein gong. Då vi bygde her i 1978, heitte vegen Austlidvegen. Dette vart endra til Kyrkjegt, (etter framlegg frå Guttorm Øye i Ørsta kommune). Grunnen var at det er rett ved kyrkja, og ein naturleg start på gata. Det er så vidt vi veit ikkje vanskeleg å finne fram, skriv Lisbeth og Jarle Myklebust i Kyrkjegata 4b.

Driv bokbinderi

Jarle Myklebust driv bokbinderi på adressa, og han fortel om store problem for kundane, sist det var adresseendring, frå Austlidvegen til Kyrkjegata.

– Ved førre namneendring vart det problem med dei 100 kundane som årleg sender pakkar til innbinding. Sjølv om adresseendringa vart meldt til Posten og til kundane, vart det problem i lang tid med varer som ikkje kom fram eller vart returnerte. Dette skaper store problem for Ørsta Bokbinderi.

Til hjelp?

Også Roar Eldevik Myklebust i Kyrkjegata 4d går imot ei namneendring. Her var adressa tidlegare Haugevegen 19.

– Eg stiller meg uforståande til at det på nokon som helst slags måte kan vere til hjelp for nokon å endre gatenamn nok ein gong. Kyrkjegata 4a, 4b, 4c og 4d er etter kvart godt innarbeidde adresser dei fleste utan problem finn fram til, dermed vil ei endring av namnet etter mitt syn berre framkalle meir uvisse og forvirring. Eg vil forøvrig seie at eg er temmelig lokalt kjend her, men kan ikkje sjå at eg har vorte kontakta i denne saka – der administrasjonen viser til at dei har snakka med lokalkjende, skriv Eldevik Myklebust.

– Eg vonar levekårsutvalet ser dette og vedtek å behalde gatenamna Kyrkjegata 4a, 4b, 4c og 4d.