– Vi trudde vi kom til å tape, men det gjekk fint, og det har vore veldig kjekt å vere med på First Lego League, seier deltakarane på dette laget som kallar seg Hydro Force.

Laget gjennomførte ein presentasjon av prosjektet sitt, i tillegg til å vise fram programmeringa av Lego-køyretøyet på konkurransebana.

– Vi vart med gjennom eit prosjekt på Ørsta ungdomsskule. Det høyrdest spennande ut med programmering.

Dei har jobba mykje i førebuinga til denne konkurransen. Dei seier at dei kunne ha presisert programmeringa noko meir i teknisk presentasjon, elles er dei godt fornøgde med innsatsen. Elevane gav FLL-turneringa terningkast 5 og 6.