Då Hans-Olav Myklebust på 1990-talet tok over som leiar i Ørsta Frp, var han i tjueåra. No overlèt han roret til ein 21-åring.

Det vart skrive historie hos Ørsta Frp fredag kveld. Hans-Olav Myklebust (46) gir seg som leiar i Ørsta Frp. Anbjørn Steinholm Frislid (21) tek over.

Myklebust har hatt vervet som Frp-formann i Ørsta sidan midt på 1990-talet. Berre i perioden han var ordførar, frå 2003 til 2007, har det vore andre som har hatt formannsklubba. No fann han at tida var inne til å gje seg som lokallagsleiar. Men det handlar ikkje om ei nedtrapping.

Trappar ikkje ned

- Nei, tvert i mot. Med Anbjørn veit eg vi har fått ein leiar som kan organisasjon, og som vil byggje og utvikle Ørsta Frp vidare. Sjølv held eg fram for fullt i politikken. Eg held fram som gruppeleiar for Ørsta Frp i kommunestyret, og er også engasjert i fylkespolitikken som fylkestingsmedlem for Frp. Eg har ingen planar om å trappe ned, seier Myklebust.

Han er glad for at Steinholm Frislid tek over. 21-åringen sit i kommunestyret, han har vore leiar i Møre og Romsdal Fpu, der han no er økonomileiar, og han er i styret i Søre Sunnmøre Fpu.

- Anbjørn har eit stort potensiale som politikar. Han har merka seg ut som folkevald i kommunestyret og som tillitsvald. Dessutan arbeider han i eldreomsorga i Ørsta, og kjenner kommunen frå innsida, seier Myklebust.

Gler seg

Steinholm Frislid sjølv gler seg til å gå i gang som Frp-leiar i Ørsta.

- Det viktige er å drive ein god organisasjon, auke medlemsmassen, og mobilisere til kommunestyrevalet om  eit og eit halvt år. Politisk handlar det om å skape eine klare kvardag for folk i Ørsta. Å ha ein god skule og ei verdig eldreomsorg. Det skal vere godt å bu i Ørsta , seier Steinholm Frislid.

Myklebust er glad for at Steinholm Frislid har augo retta mot organisasjonsbygging.

- Det er viktig å ha ein partiorganisasjon som fungerer. At der er pengar til å drive, og at det er ryddige retningsliner. Skal eit slikt lag fungere, må vedtekter og spelereglar følgjast. Då er det ikkje rom for tull. Det skal vere opne og ryddige prosessar. Då er organisasjonsarbeid faktisk også veldig gøy, insisterer Myklebust, og seier seg glad for at ein etterfølgjar er på plass.

Styret

Ørsta Frp sitt styre er no slik: Anbjørn Steinholm Frislid (leiar), Asgeir Standal (nestleiar),Caroline Rudi (studie/medlemsansvarleg), Johan Bertel Vartdal (kasserar), Idar Henning Vatne (sekretær), Magnar Enerhaug, Pål Heggestad og Hans-Olav Myklebust (gruppeleiar i kommunestyregruppa).