Så er kommunepolitikarane både i Ørsta og Volda i gang med årets viktigaste sak: Kommunebudsjettet, inkludert økonomiplanen for dei neste fire år.

Dei såkalla Kostra-tala viser at dei to kommunane bruker om lag like mykje pengar per innbyggjar, anten det gjeld skular, sjukeheimar eller andre kommunale tenester.Begge kommunar har lik utvikling når det gjeld folketal. Ein jamn straum flyttar frå bygdene inn til sentrum. Fortettinga utfordrar tenestestrukturen. Størst er nok utfordringa i Volda, som har satsa mykje på skular på bygdene.

Samstundes er det interessante skilnader mellom Ørsta og Volda både når det gjeld utgifter og inntekter framover. I begge kommunane skal det byggjast store idrettshallar. Medan Volda satsar på ein dugnad saman med private, så tar kommunen ansvaret og rekninga i Ørsta. Ørstingane får eit idrettsbygg som er grovt sett dobbelt så dyrt, og Volda kommune sine utgifter vert små i forhold til Ørsta sine. Ørsta har og valt ei offentleg løysing for Legesenteret, sjølv om det låg eit privat alternativ på bordet.

Begge kommunane må effektivisere drifta, delvis fordi det er noko regjeringa legg opp til. Men Ørsta må kutte meir i driftsutgiftene enn Volda.

Det største skilnaden mellom Ørsta og Volda på inntektsida framover gjeld kommunereforma. Her har Volda gjort som kommunalminister Sanner bad dei om: Å slå seg saman med nokon. Belønninga er sju millionar kroner i året ekstra. Ørsta derimot får redusert sine årlege inntekter frå staten med fire-fem millionar.

Så er det spørsmålet om Bjørke skal bli ein del av Volda. Her har den same kommunalminister Sanner siste ordet. Blir Bjørke flytta så taper Ørsta om lag åtte millionar kroner året i Tussa-inntekter, altså meir enn det nye Volda får i inntekter som direkte resultat av samanslåinga. Det kan bli dyrt å stå åleine.