Varaordførar Karen Øydal sender ut denne takka til alle som har medverka i årets tv-aksjon:

"Ein stor takk til alle som gjekk med bøsser, sjåførar som fraktabøsseberarane rundt og banken som tok opptelling. Komiteen har eitfantastisk samarbeid med Møre Folkehøgskule med flotte og positiveelevar /lærarar.

Vi må få med at fleire av barneskulane ogungdomsskulen i kommunen har delteke med både informasjon om einstor dugnad for TV -aksjonen og tiltak for å samle inn pengar.Ros til alle som var med.

Allereie før aksjonsdagen var deigodt i gang. Det same var delar av formannskapet med ringerunde tilnæringslivet som er rause og støtter opp om innsamlinga. Så -hjartans takk til Rebecca på frivillighetssentralen. Ho harkoordinert TV-Aksjonen på vegne av Ørsta kommune på ein suverenmåte! Det er mange detaljer som må på plass for å få eit såvellykka resultat som i år. Å finne rodeleiarar er ei svært viktigog avgjerande oppgåve. I år fekk vi med engasjerte personar i allebygdene. Vi er stolte av innsatsen til kvar og ein!"

Helsing fråTV-komiteen i Ørsta kommune

Karen Høydal Varaordførar/leiar