– Dette høyrer ikkje heime i naturen, seier han, og viser til ei solid samling av bos. Ein lang plastslange snor seg gjennom boset. Eit gamalt skilt. Flasker og boksar. Mengder med sjokoladepapir.

– Eg er mykje ute og syklar, og ser vel gjerne meir ned i grøftekanten enn eg gjer på vegen, humrar han.

Rebbestad er aktiv i Miljøpartiet, og oppteken av å halde naturen i hevd.

– Grøftekantar, avkøyrsler, små skogar. Dette er gløymde stader, seier han.

Han fortel at han også har vore på Vartdalsstranda og rydda langt E39.

– Der fann eg 153 flasker og boksar på ei lita strekning. Det vil seie at det er 153 personar som har rulla ned vindauget på bilen sin og kasta flaskene ut av vindauget. Eg tenkjer at hadde folk hatt dette liggande i hagane sine, så hadde dei vore raske med å rydde opp. Eg seier ikkje at eg er eit dydsmønster sjølv. Eg er heilt på snittet sikkert, men eg tenkjer at det er uheldig at dette vert liggande. Eg har høve til å ta i eit tak, og difor har eg brukt nokre dagar på å rydde ulike stader, seier han.

Også langs Torvmyrvegen har Rebbestad rydda. Her var det bildekk og sykkeldelar han fann mest av.

Volda og Ørsta reinhaldsverk har stilt med sekkar og hanskar, og har også sørga for at boset har vorte henta.

– Mykje av det eg har funne her på Mosflata trur eg har ligge her i årevis. Det er mykje gammalt skrot. No håper eg at området vil halde seg ryddig framover. Her er mykje esker frå gatekjøkkenmat også, slike isoporbehaldarar. Eg tenkjer at om folk klarer å kaste dei i naturen, så klarer dei også fint å kaste dei i ei bosbøtte. Det får vere oppmodinga.

På sine mange sykkelturar, har Rebbestad sett fleire stader der det er etablert eigne «bosplassar».

– Eg kjem til å halde fram med ryddinga, så lenge eg ser at det ligg bos rundt om kring.