– Dette viser at mange føler seg overkøyrde, seier Stian Rørstad.

Han uttalar seg på vegne av brevskrivarane.

– Brevet vart sendt for å rekke tidsfristen til fylkesmannen. Seinare har fleire sagt at dei vil skrive under, så det er mange som støttar innhaldet, seier Rørstad.

Opplegget til grendelaget var å ha eit folkemøte som skulle opne for ein eventuell debatt om grensjusetering, det vil seie overgang til nye Volda kommune. Men då «unge vaksne på Bjørke» ba fylkesmannen om grensejustering, vart prosessen sett i gang.

– Ei lita gruppe som kallar seg dei «unge vaksne» kuppa saka i all hemmelegheit med å sende ein søknad om grensejustering til Fylkesmannen, to dagar før det planlagde informasjonsmøtet, der alle partar skulle vere representert, står det i brevet som 25 bjørkingar har sendt fylkesmannen.

Stian Rørstad meiner dei «unge vaksne» har skada si eiga sak.

– Framgangsmåten har skapt ein front i bygda, og det har ført til at mange av dei som har vore i tvil har dotte ned på at dei vil vere i Ørsta.

– Er du tilhengar av å vere i Ørsta?

– Eg er ein av dei som har vore open for å drøfte spørsmålet om grensejustering, og etter det som har skjedd har eg landa på at vi bør vere i Ørsta. Men i dette brevet som er sendt til fylkemannen verft det ikkje tatt stilling til spørsmålet om Volda eller Ørsta.

Dei 25 som har signert brevet skriv at dei måtte lese i avisa at Fylkesmannen i Møre og Romsdal no kallar inn til møte 1. november, der berre utvalde representantar er invitert.

– Vi forlanger at alle i bygda vert høyrde, og at lokaldemokratiet skal råde, skriv dei, og etterlyser meir informasjon.

– Kvar vert det av informasjonen frå Fylkesmannen? Og kvifor verkar det som at avgjerda skal takast utan at bygda har fått talt sitt? Vi forlanger at den vidare saksgangen vert gjennomført open og demokratisk, og ikkje i hemmelegheit bak lukka dører, skriv dei, og signerer med «bygdefolk på Bjørke».

svein@morenytt.no

Brevskrivar: Stian Rørstad er mellom dei 25 som har skrive under på eit kritisk brev. Foto: privat