Det sa Torhild Øie som var henta inn til Brudavolltunet for å lære kursdeltakarane kunsten med å lage potetkaker.

– Med potetkaker kan du ikkje ha ei oppskrift som går akkurat på mål. Du må sjå det an etter kva type potet du brukar, sa Øie som understrekar at ho ikkje er noko ekspert, men at ho har baka potetkaker i heile sitt vaksne liv.

Fullteikna kurs

I Brudavolltunet har det vore mange ulike kurs som går på tradisjonsmat som flatbrød og lefser, men aldri tidlegare har det blitt arrangert kurs i å lage potetkaker. Blant bruksutstyret som står utstilt i tunet er det mellom anna ei potetkvern frå 1800-talet, og det var garantert ikkje første gang at potetkaker vart laga i tunet onsdag kveld. Mange hadde lyst til å lære seg kunsten å lage potetkaker. Kurset vart raskt fullteikna og det er allereie klart at det blir eit nytt kurs i februar. Ei av dei som var på plass i Brudavolltunet var Edel Mo frå Sæbø.

– Eg kom over annonsen over at det skulle vere eit slikt kurs, og eg fekk lyst til å lære meg å lage potetkaker. Eg har vore vande med at vi skal nytte potetene frå eg var lita. Det er viktig å ta vare på slike mattradisjonar. Eg har gledd meg til denne dagen, og så blir det spennande å sjå om eg får det til.

Kaffimat

Tidlegare var det vanleg å spare opp potetene som vart til overs etter middag utover i veka, og potetkaker var gjerne noko som vart laga ein fredag eller laurdag kveld.

– Potetkaker er ikkje som lomper med pølser på, men det er meir som kaffimat med noko søtt på. Om dei ikkje sparte opp potetene så kunne dei koke 4–5 ekstra poteter slik at dei hadde potetkaker til kaffimaten. I gamle dagar var det ikkje frysar. Det går an å fryse potetkakene, men då er dei ikkje slett så gode. Men det er noko å orke å bake kvar gang det fristar med potetkaker, seier Øie med eit smil.

– Poteter er ikkje berre poteter

Lista over ingrediensar til potetkaker er enkel og svært oversiktleg.

– Du treng poteter og mjøl, i tillegg til litt salt, og så kan du berre sette i gang.

Utfordringa, og det som tek litt tid å lære seg, er å få rette konsistensen på potetkakene, og at det ikkje er for tjukke før dei blir lagt på takka. Nøkkelen til den rette konsistensen er at den rette potettype blir brukt.

– Poteter er ikkje berre poteter, og du kan ikkje ta kva som helst. Eg kan garantere at du ikkje får det til om nyttar Troll-poteter, seier Øie.

Onsdag kveld vart det brukt Asterix og Beate.

– Du brukar ikkje same potetsorten om du skal lage potetstappe til middag som når du har lage brennsnut. Du må vite kva du skal ha potetene til, og Asterix og Beate er gode sortar til potetkaker.

Kursdeltakarane lukkast godt med potetkakelaginga, og underteikna kan skrive under på at resultatet vart svært godt.

– Eg er nøgde med resultatet, og eg kjem til å nytte det eg har lært her i kveld, sa Mo.

God stemning: Torhild Øie hadde ein god tone med kursdeltakarane i Brudavolltunet under kurset onsdag. Foto: Joachim Åsebø
Kaffimat: Potetkaker skal serverast med noko søtt til og vert rekna som kaffimat. Foto: Joachim Åsebø
På kurs: Edel Mo var blant dei som ville lære seg å lage potetkaker. Ho var nøgd med sluttresultatet. Foto: Joachim Åsebø