– Her er to kontaktar.

Marit Aklestad (SV) og Frida Gillberg (MDG) står utanfor Amfi og leitar fram kontakten for å plugge elbilen til Aklestad på den einaste ladestasjonen for elbilar i Ørsta kommune.

– Bilen held to turar, tur-retur Sæbø-Ørsta, fortel Aklestad, i det ho pluggar inn kontakten på sin vesle Volkswagen e-up.

– Men utviklinga er rivande. Rekkjevidda på nye bilar vert stadig lengre, og utbygginga av ladarar og hurtigladarar gjer at elbilane kjem seg dit dei vil.

Men ikkje i Ørsta, skal vi tru Aklestad og Gillberg.

– Vi er i ferd med å verte ein sinke!

Dei viser til at Ørsta i klimaplanen for 2010 slo fast at Ørsta skal etablere ladestasjonar ved alle større kommunale bygg innan utgangen av 2013.

– I 2017 er fasiten at det ikkje har kome ein einaste kommunal ladestasjon.

Dei opplever at gamle «mytar» og oppfatningar om elbilar heng att blant fleire politikarar i Ørsta.

– Og det er kjempetrist, når vi veit så mykje om miljø og klima, og behovet for å gjere transportsektoren utsleppsfri. Forbrukarane har skjønt det, bransjen har skjønt det. Det som står att er politisk vilje til å ta inn over seg elbilrevolusjonen som no rullar ut på vegane.

Noreg er det landet med flest elbilar per innbyggjar. I 2015 var kvar fjerde nye bil som vart selt, ladbar. I 2016 var talet 26 prosent.

– I 2017 ligg vi an til at ein av tre nye bilar er elbilar, og saman med hybridbilane, utgjorde dei ladbare bilane 42 prosent av nybilsalet i september i år. Totalt sett har elbilen allereie ein marknadsdel på om lag 20 prosent, fortel Aklestad.

Så var det mytane.

– Nokre hevdar at nye bensin- og dieselbilar er like miljøvenlege som elbilar. Det stemmer ikkje. For det første er elbilar mykje meir energieffektive enn bilar på fossilt drivstoff. Elbilar nyttar 80-90 prosent av energien i batteriet til framdrift. Tilsvarande tal for ein dieselbil er 35-45 prosent, og for ein bensinbil 30-35 prosent. Resten går opp i varme. Grunna denne energieffektiviteten, greier elbilar seg med om lag ein tredjedel av energimengda, samanlikna med bilar med forbrenningsmotor.

Fleire argumenterer også med at det er meir forureinande å produsere ein elbil enn ein fossilbil.

– Det stemmer. Produksjonen av ein elbil med batteri gir om lag åtte tonn CO₂-utslepp. Ein fossilbil om lag sju tonn. Men produksjonen av ein bil utgjer berre ein liten del av utsleppa gjennom levetida til bilen. Forspranget til fossilbilane vert raskt henta inn av elbilen når bilane kjem i bruk. Alt etter køyremengd, når elbilen att fossilbilen innan seks til seksten månader. Deretter er miljøgevinsten for elbilen svært stor.

Dei viser mellom anna til at Volkswagen har dokumentert at utsleppa til ein E-golf er 61 prosent lågare enn for ein bensindriven Golf.

– Og så er det batteria til elbilane, som nokre hevdar er «miljøbomber» verre enn verst. Fakta er at produksjonen av alle bilar og bilbatteri, elektriske eller fossile, belastar miljøet og krev utvinning av sjeldne metall. Men det vert jobba med å gjenvinne mest mogleg av materiala. Det som ikkje kan gjenvinnast er olja som fossilbilane brenn opp og slepp ut i atmosfæren.

Det har også vore ei kjent sak at elbileigarar har sleppt unna mange avgifter, og har fått gratis lading av bilen.

– Men skilnadene i avgiftssystemet er jo nettopp der for å motivere fleire til å velje elbil, for miljøet og for vår felles framtid. Det skal løne seg å velje grønt. Samstundes er det også slik at mange av dei gulrøtene elbilistane fekk i starten, no er vekke. Til dømes betalar elbilar full pris på dei fleste ferjer no, og har berre unntaksvis billegare bomavgifter. I byane er elbilane fleire stader kasta ut av kollektivfelta, rett og slett fordi det vart for mange av dei. Kommersielle aktørar byggjer også ut ladepunkt, der elbilistane betaler for å fylle batteriet.

Aklestad og Gillberg meiner det vil vere eit viktig grep lokalt, å etablere fleire ladestasjonar.

– Hittil har Ørsta vore ein sinke.

Konklusjonen frå Aklestad og Gillberg er klar:

– Uansett kva folk måtte meine om miljøeffekten, så satsar bilprodusentane på elbilar. I lys av dette er det uklokt å ikkje etablere ladestasjonar rundt om i Ørsta. Då hamnar vi i bakleksa. Kvifor skal folk kome til Ørsta når dei ikkje får lada bilen? Då kan dei reise andre stader. Fosnavåg til dømes, ligg langt framom oss.