I matfriminuttet på Ørsta ungdomsskule onsdag samla alle elevane seg i amfiet. Elevrådet ved skulen informerte om årets TV-aksjon, og korleis ungdomsskulen skulle bidra.

– Elevrådet ved skulen vår meiner det er viktig at barn og unge bryr seg om andre. Gjennom TV-aksjonen får elevane høve til å vise samfunnsengasjement og få kjensla av å gjere noko godt for andre, står det i informasjonskrivet som elevrådet har sendt ut til alle føresette.

Årets TV-aksjon går til UNICEF sitt arbeid for å gje utdanning til barn ramma av krig og konflikt. Midlane som kjem inn gjennom årets TV-aksjon vil gå til arbeidet som UNICEF gjer i Columbia, Mali, Syria, Pakistan og Sør-Sudan.

– Når barn i krig og konflikt ikkje får lære, står framtida dei lever i i fare. Mange av barna må flykte frå skulane sine, og fleire av skulane vert bomba i desse områda. Barna treng hjelp til å kome tilbake til skulane sine, sa elevrådsleiar Sverre Sætre Orten som saman med nestleiar Signe Vinjevoll informerte medelevane sine.

– Skape interesse

Elevrådsleiarane meiner det er viktig at ungdomane er med på å setje fokus på ei viktig sak.

– Det er viktig at vi ikkje berre tenkjer på oss sjølve, og det er mange som ikkje har det like bra som oss. Dette er ei viktig sak som vi vonar flest mogleg vil bidra til, seier Vinjevoll.

– Å arrangere skuleløp er noko av minste vi kunne gjere, men det er med på å skape interesse rundt saka, seier Sætre Orten.

Eigenkomponert song

Elevrådet hadde og skrive ein eigen song til markeringa. Dei valde seg melodien til Vassendgutane sin «Russarbart og hue», og fekk tilsendt kareokeversjonen frå bandet sjølv.

– Det er flott at vi kan samarbeide på denne måten, seier lærar Emila Ruth Ragnarsdottir.

Gjennom skuledagen onsdag var alle elevane ute og sprang for TV-aksjonen. I skrivet som elevrådet har sendt heim til dei føresette vert kvar familie oppmoda til å bidra til årets TV-aksjon.

– Det er opp til kvar familie å avgjere om ein vil eller kan bidra, og eventuelt kor mykje ein ønskjer å bidra med.