Styret for Høgskulen i Volda skal handsame saka om ei veke, og til styremøtet ligg det føre eit forslag frå administrasjonen om å avvikle leigeforholdet. Frå før har Volda kommune varsla at dei vil avvikle sitt leigeforhold.

Det er Statsbygg som er eigar av Idrettsbygget, der symjehallen er ein viktig del. I si tid var bassenget i Volda det einaste tjuefemmetersbassenget mellom Bergen og Trondheim.

Har bedt om avklaring

Statsbygg har bedt om ei avklaring både frå Volda kommune og høgskulen om framtidig leigeforhold. Bakgrunnen er ein tilstandsrapport utarbeidd av Sweco. Han seier at symjehallen og bassenget er i dårleg stand. Dersom det er snakk om å renovere hallen og bassenget mellombels, for ein tiårsperiode, vil det koste femten millionar kroner, og små må takast inn på leiga. Viss hallen skal vere funksjonell fram til 2050, er det behov for ei oppgradering til 49 millionar kroner.

Vil avvikle

Volda kommune har handsama saka, og konkludert med at dei vil avvikle leigeforholdet.

Administrasjonen ved Høgskulen i Volda foreslår det same.

– I utgangspunktet hadde vi eit ønske om å sjå på framtida til heile idrettsbygget under eitt, men det er behov for noko meir tid til drøftingar med kommune, fylke og Volda Campus Arena før ein innstilling på resten av Idrettsbygget kan vere klar. Vi ønsker derfor å ta opp framtida til symjehallen i første omgang, heiter det i tilrådinga til høgskulestyret.

– For høgskulen er spørsmålet om framtida til idrettsbygget nær knytt til nytt mediehus. Vi må sjølve finansiere husleige til nybygget og det vert dermed viktig å sjå på kva som må leggast inn av investeringar og kostnader i andre bygg. Vi har eit avgrensa behov når det gjeld tilgang til undervisningstimar i symjehall. For HVO er det ikkje økonomisk forsvarleg å gå vidare med planane om å gå for ei avgrensa renovering der HVO vert sitjande med det meste av rekninga i 10 nye år.

– Alternativet om å avslutte leigeforholdet med Statsbygg på symjehallen og leige nødvendige timar til marknadsvilkår i andre symjebasseng som tilfredsstiller våre behov i regionen bør dermed veljast, heiter det i tilrådinga.