– Det skjer mykje i Ørsta kommune. Eit av spørsmåla eg ofte får er kva Melsgjerdet skal brukast til i tillegg til VØR. Vi må finne ut korleis vi skal marknadsføre Melsgjerdet, og kva som kan vurderast å leggast til området. For å få inntekter frå området må vi i gang med marknadsføringa, sa Aam i formannskapet.

Per Are Sørheim (H) understreka at han også har fått det same spørsmålet som ordføraren.

– For oss politikarane hadde det vore greitt å få ei lita oppfrisking i kva dei vidare kostnadane er og kva inntektspotensialet for området er.

Seksjonsleiar Rolf-Magnus Sundgot for tekniske tenester poengterte at VØR skal ha eit område på 30 dekar på Melsgjerdet.

– Så er spørsmålet kven som er neste kjøpar på området. Reguleringsplanen gjev stor opning og fridom for kva som kan etablerast. Det er viktig at vi kjem raskt vidare, får tildelt tomter og får i gang aktivitet.