For dagsenteret sine brukarar set refleks på mange av brøytestikkene. Alexander Tjugen er ein av dei flittige stikke-arbeidarane.

– Eg er proff! Fortel Alexander stolt, med hendene fulle av brøytestikker.

Teamleiar Frode Ose fortel av dagsenteret sine brukarar set refleks på tusen stikker om gongen.

– Målet er tre tusen stikker denne sesongen.

Tormod Tranvåg i uteseksjonen i Volda kommune set stor pris på samarbeidet med dagsenteret.

– Dei gjer svært godt arbeid og dette er ein vinn-vinn-situasjon for kommunen og dagsenteret, konstaterer Tranvåg nøgd.

Denne veka starta han eit maratonarbeid: I løpet av dei neste fjorten dagane skal Tormod køyre rundt i kommunen med stikkebilen og setje over 10.000 brøytestikker i jorda.

– Eg startar i Velsvika og tek bygdene deretter. Eg vil oppmode grunneigarane som har ståande sauegjerde langs vegane om å fjerne desse no. Det lettar arbeidet mitt, seier Tormod.