Det skriv Ørsta kommune til Inge Kolås. Det vart tidlegare i år vedteke å gi firmaet Inge Kolås AS tvangsmulkt som følge av at det ikkje er levert inn kopi av avtale med godkjent avfallsmottak om framtidig avfallshandtering på eigedomen firmaet nyttar seg av i Follestaddalen.

Firmaet Inge Kolås AS gjekk konkurs tidlegare denne månaden.

– Vi gjer det likevel klart at eit eventuelt nytt firma som vidarefører drifta på eigedomen lyt ivareta intensjonen med vedtaket gjennom å sikre seg ein slik avtale. Ut frå historia vil kommunen også ta sikte på eit snarleg tilsyn for å sjå til at intensjonen i vedtaket vert følgt opp. Dette gjeld også føresetnaden om at material som ligg lagra på eigedomen vert sikra fysisk og skjerma, skriv kommunen til Inge Kolås.