Det seier rektor Martin Staxrud ved Møre folkehøgskule.

Torsdag presenterte finansminister Siv Jensen (Frp) regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2018. I forslaget ligg det inne eit kutt på 45 millionar for folkehøgskolane.

– Vi veit enno ikkje korleis dette kuttet ber tenkt fordelt skulane i mellom, men at det også får følgjer for Møre folkehøgskule er sikkert, seier Staxrud.

Kuttet er tredelt. Regjeringa foreslår å kutte i støtta til folkehøgskulane direkte med 25 millionar kroner. I tillegg vert det foreslått kutt i studiestøtta til elevane. Dette utgjer totalt eit kutt på 11 millionar. Ifølgje folkehøgskulane sjølve, tek ikkje regjeringa høgde for elevveksten folkehøgskulane har hatt de siste årene. Det gjer at det manglar nye 9 millionar i budsjettet.

– Vi er svært skuffa over forslaget regjeringa legg fram i dag, seier Odd Arild Netland, dagleg leiar i Folkehøgskolerådet til folkehøgskulane si eiga heimeside.

– Kuttet vil få store konsekvensar for enkeltskular og elevar, og råkar usolidarisk i ei tid der folkehøgskolane har rekordmange elevar, seier Netland.

Folkehøgskulane har dei siste åra opplevd stor vekst i elevtalet. Denne hausten starta over 7.700 elevar på folkehøgskole. Det er ny rekord for tredje år på rad.

– Ved Møre folkehøgskule har vi 99 elevar, og det vil seie fullteikna skule. Nokre av linene var fullteikna allereie i februar, og dei siste i mai, fortel Staxrud.

Viss regjeringa sitt forslag går igjennom, reknar Staxrud altså med følgjer også for Møre folkehøgskule.

– Det er to måtar å angripe slike kutt på. Anten må vi redusere staben, eller vi må auke elevpengane. Det vil sjølvsagt gå utover søkinga, også fordi studiestøtta til elevane vert redusert, seier Staxrud.

Men han har altså lit til at Stortinget forkastar forslaget, slik det har skjedd dei føregåande tre åra.

Onsdag er det varsla demonstrasjon utanfor Stortinget frå folkehøgskulane si side.

– Der skulle vi gjerne ha vore med, men sjølv er eg no på veg til Bali med ei av klassene våre, fortel Staxrud.