Det skriv leiar i Ørsta Idrettsråd, Erlend Andersen, i eit brev til Ørsta kommune.

– Det er m.a. stor uvisse rundt krav og kostnad til flaumvern og opparbeiding av grunn. Hestesporten ønskjer eit møte med administrasjonen og idrettsrådet for å diskutere saka. Her er også spørsmål av prinsipiell karakter, det er plass til fleire idrettar på Mosflata. Idrettsrådet har tidlegare oppmoda kommunen om å gi idretten gode rammer for utvikling av Mosflata. For hestesporten er det viktig med rask avklaring om framtida. Dei har per dato ikkje andre alternativ til plassering av eige anlegg, skriv Andersen, og bed om eit møte.