Emad Bakkour er i full sving med å grille kebab utanfor Kaihuset. Flyktningane inviterte fredag på tradisjonell kulturkafé med ein vri. Alle inntektene gjekk denne gongen til TV-aksjonen. God mat, tombola og god stemning. Dei har vore heldige. Skjebnene er mange. Fleire har flykta frå krig i heimlandet. No vil dei hjelpe dei som ikkje har vore like heldige, dei som framleis må leve i dei krigsherja områda, eller som er på flukt.

UNICEF

Inntektene frå årets TV-aksjon, som går av stabelen 22. oktober, går til UNICEF, med temaet «Følg eit barn til skulen». Pengane skal gå til UNICEF sitt arbeid for å gi utdanning til barn råka av krig og konflikt rundt om i verda.

– Utdanning er ekstremt viktig, særleg i dei krigsråka landa. Dersom dei som bur der ikkje får utdanning, vil neste generasjon vekse opp som analfabetar. Kva då, når krigen tek slutt? Kva vil dette gjere med landet når dei skal bygge seg opp att? spør Emad.

Han fortalde om sine personlege erfaringar til dei frammøtte på kulturkafeen.

– Menneske på flukt frå krig har ikkje tilgang på det som vi her ser på som sjølvsagt. Skular er jamna med jorda. Folk må flykte. Kanskje må dei gøyme seg i grotter, eller i hus under bakken. Det er vanskeleg. Mange barn har vorte foreldrelause, og må jobbe for å overleve. Det er uheldig. Alle barn bør ha tilgang på utdanning.

Vil bidra

Mange tok turen til kulturkafeen. Lisbeth Svendsen var ei av dei.

– Det er første gong eg er her. Eit kjempeflott tiltak. Eg tenkte å sikre meg ein ekstra god lunsje i dag, seier ho.

På vegen kjøpte ho seg også tombolalodd, og vann den gjevaste prisen, ei fruktkorg.

– Vi har fått utruleg mange flotte premiar frå næringslivet. Det set vi stor pris på. Då er det kjekt å drive med dette, seier flyktningkoordinator Preben Trellevik.

Han fortel at dei har hatt undervisning og fortalt om TV-aksjonen og om UNICEF sitt arbeid, til alle deltakarane som går på introduksjonsprogrammet til Ørsta opplæringssenter.

– Alle står bak dette, og var svært samde om at dette var noko dei ønskte å gjere for å bidra, fortel Trellevik.

Prisen for maten var 50 kroner, men alle som ønskte det kunne betale meir, for å bidra til TV-aksjonen. Dei hadde også eigen stand for dei som ønskte å registrere seg som bøsseberarar.

Til saman fekk dei inn 5.203 kroner til TV-aksjonen.

God mat: NAV tok lunsjen på kulturkafe. F.v. Tove Helen Sjurgard, Brigitte Myklebust, Kjell Ivar Leknes. Framme f.h. Gry Sætre Øye, Mette Lin Stokke, Hege Ertesvåg og Knut Arvid Uglebakken. Foto: Janne-Marit Myklebust
Matservering: Merhawi, Khaled, Shawkat, Mohamad, Samreen, Akberet og Shaza heldt orden på matserveringa. Det vart laga mat til om lag 100 personar. Foto: Janne-Marit Myklebust
Fruktkorg: Lisbeth Svendsen vann den gjevaste prisen i tombolaen. Rasha Alhasan og Ruun Hassan hadde mange flotte premiar å lodde ut, frå velvillige sponsorar. Foto: Janne-Marit Myklebust