Fredag kveld vart Ørsta/Volda Pride formelt skipa. Gruppa skal arbeide for å synleggjere lesbiske, homofile, biseksuelle og transpersonar ( LHBT).

- Føremålet til foreininga er å skipe til ein regnbogefarga fest for mangfald, glede, aksept og kjærleik i Ørsta/Volda i løpet av 2018, går det fram av ei pressemelding.

Skeive

- Vi i Ørsta/Volda Pride meiner tida er moden for å skape ei slik hending lokalt. Vi ynskjer å vise at Ørsta og Volda er eit samfunn som aksepterer skeive (LHBT+) og skeive sine rettar.

Vil ha markering

-Førebels seier vi berre at vi skal ha eit arrangement i løpet av 2018. Når, kvar og korleis, er noko det nyskipa styret skal finne ut av.Ørsta/Volda Pride ynskjer å spele på lag med alle gode krefter for å få til eit flott og minnerikt arrangement, står det i pressemeldinga etter skipigsmøtet fredag, signertAnbjørn Steinholm Frislid, på vegner av styret.