Styrleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum.

Styrleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum.

Nynorsk kultursentrum er vonbrotne

Meiner nynorsk vert nedprioritert.

– Vi er vonbrotne over at regjeringa heller ikkje denne gongen har prioritert Vinje-senteret for dikting og journalistikk i statsbudsjettet, seier styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum.

– Arbeidet er godt i gang, dagleg leiar er tilsett, og vi har vist før at vi leverer. Stortinget satsa på Vinje-senteret i fjor, og når regjeringa ikkje følgjer opp, set vi på ny vår lit til stortingsfleirtalet, seier Solholm mi ei pressemelding frå Nynorsk kultursentrum.

Nynorsk kultursentrum får nær 20,1 millionar kroner i driftsmidlar i framlegget til statsbudsjett for 2018. Dette er 430 000 kroner eller 2,2 prosent meir enn i år. Regjeringa fører vidare løyvinga til Vinje-senteret frå 2017 utan auke, men løyver ingen ting til byggeprosjektet. Utanom lønns- og prisveksten søkte Nynorsk kultursentrum om 1,6 millionar til basisutstilling og 1 million meir i driftsmidlar til vidare oppbygging av Vinje-senteret. Til ombygging og tilbygg søkte Vinje kommune om vel 8 millionar.

Distriktspolitikk i praksis

Nynorsk kultursentrum med hovudsete i Ørsta og 20 fast tilsette har no avdelingar i Ørsta, Ulvik og Vinje og oppslagsverket Allkunne og driv frå 2018 dei tre festivalane Dei nynorske festspela, Ulvik poesifestival og Litteraturdagane i Vinje.

– Berre sidan 2010 har vi etablert tre nye avdelingar i Bygde-Noreg med ti medarbeidarar og endå fleire innbyggarar i dei aktuelle kommunane, og i Aasen-tunet arbeider fleire enn alle planar la opp på førehand, seier direktør Ottar Grepstad.

– Dette er distriktspolitikk i praksis, vi veit at vi driv billig, og svært mange bruker oss. Femte statsbudsjettet på rad utan nynorsksatsing Regjeringa føreslår å løyve 6 millionar til oppdatering av Nynorskordboka og Bokmålsordboka, men ingen ting til vidare utvikling og digitalisering av Norsk Ordbok. Etter initiativ frå Venstre nådde prioriterte tiltak frå eit samla nynorskmiljø opp i det statsbudsjettet Stortinget vedtok for 2017.

 – Både regjeringa og stortingsgruppene er godt kjende med prioriteringane frå nynorskmiljøet i år. Eg vonar Stortinget ryddar opp i den årvisse runden om løyving til Landssamanslutninga av nynorskkommunar før det blir ein farse, meiner direktøren i Nynorsk kultursentrum.

Han er kritisk til den språkpolitikken som kjem til uttrykk i statsbudsjettet.

– Dette er det femte statsbudsjettet regjeringa Solberg legg fram, og for femte gong ser regjeringa bort frå interessene til nynorskbrukarane.

– Det kostar så lite og gir så mykje å lage eit statsbudsjett som fremjar språkleg jamstilling, seier Grepstad.

Meir å lese på Møre-Nytt:

Møre-Nytt ynskjer ein open og sakleg debatt. Alle innlegg vert kontrollerte etter publisering. Innlegg kan verte forkorta, redigerte eller fjerna. Det fulle namnet ditt må anten gå fram av e-postadressa, brukarnamnet eller Facebook-profilen din.

Dette vert lest no:

- Sæbø kan ha ny skule i 2021

I 2021 trur prosjektutviklar Ivar-Otto Kristiansen at det står ein ny skule på Sæbø. Han trur det vil verte altfor dyrt å reparere på den eksisterande.

Fryktar kryssløysingar i Volda

– Frå Grodås og sørover er der ikkje eit einaste kryss der lokaltrafikken kjem inn på Europavegen. Det er ingen grunn til at vi ikkje skal ha det slik her også.

Alnæs jaktar gjestegitarist frå Ørsta

Frode Alnæs kjem til Ørsta 22. april, og ønskjer å invitere ein lokal gjestegitarist opp på scena.

Ørsta mot Volda den 18. mai

Med Ørsta sitt opprykk til fjerde divisjon, er det igjen klart for lokalfotballens store lokaloppgjer. Den 18. mai er det Ørsta mot Volda.

Voldas Harbid (Ap) vitja Stortinget

– Innvandrarar er like ulike som andre

Volda får ny ferjekai

Vegvesenet lyser ny Volda ferjekai ut på tilbod

Problem med vassforsyninga på Ose

Måndag vil vassforsyninga vere avstengt for abonnentar i delar av Osgeila, Andersholen, Eliholen og Hansholen på Ose.

Utgreiing om drifta for Ørstahellen

Frp: - Viktig å halde tunge beint i munnen

Det gjekk mot ei utsetjing av saka om drift av den nye Ørstahallen i kommunestyret. No skal ei nemnd setje seg ned og greie ut for driftsmodell for Ørsta si nye storstove.

Stor bildeserie:

"Beatles-tilstandar"

Ørsta og Volda Ballettskule samla tre fulle hus.

Hærverk på hytter

Det har vore hærverk på Nipehyttene