Politi og brannvesen rykte torsdag kveld ut til ei bilulykke i Dalsfjorden. Meldinga om ulykka kom like før klokka 19.

På Twitter skriv politiet at det er snakk om ein bil som har køyrt i autovernet. Det var ein mann i bilen, som skal vere lettare skadd.

- Vi er på veg til staden. Det er ein bil involvert, og situasjonen er litt uavklart, men etter det vi har fått beskjed om skal det ikkje vere snakk om alvorlege personskader, opplyste operasjonssentralen til Møre-Nytt klokka 19.00.