Det har vore høg temperatur i skuldebatten i Volda. Her er Ørsta-rådmann Wenche Solheim sitt svar til kritikarane av forslaget om ny sentrumsskule:

Til Caroline Rudi og alle andre med interesse for Ørstaskulen.

Det er aldri kjekt når nokon vert såra av utsegner, men oftast kan det heldigvis rettast opp med fakta og forklaringar. Eg skjønar at det er få som har anledning til å vere til stades på politiske møte midt i arbeidstida, og at ein difor følgjer ekstra nøye med i lokalavisa på saker som ein er oppteken av. Viktig at ein då har med seg at det er journalisten som vel kva som skal refererast. Saker om skule vekker engasjement, og det er bra! Eg håper likevel at det ikkje berre er bygga som engasjerer, men også innhaldet i skulen og at vi samla driftar kommunen slik at vi slepp "ostehøvelkutt", auka eigedomskatt eller ROBEK.

Dømet Dalsfjord

Først til dømet med Dalsfjorden. Dette var ikkje ei samanlikning av to bygder, men eit svar på ei utsegn i formannskapet om at Hovden skule burde vore utbygd til å ta 200 elevar og at det burde byggast ein stor ny skule på Dalane. Eg viste til nærskuleprinsippet som set grenser for kor langt innover mot Ose ein kan hente elevar til Hovden. Elevane har rett til å gå på skule i næraste skulebygg. Dette gjeld sjølv om Hovden, Velle og Vikemarka saman utgjer sentrum krins. Prognosen for elevtalsutvikling i Ørsta viser samla sett ein nedgong, også for Hovden. Men Vikemarka sitt elevtal aukar.

Store utfordringar

Vi har store utfordringar med bygga i Ørstaskulen. Dei fleste skulebygga med unnatak av Vartdal og Dalane har ei rad med avvik. Grunna rasproblematikken for Vikemarka skule, fekk vi i sommar beskjed om at vi er låste når det gjeld utviding der. Skulen er sprengd, klasseroma er for små, det manglar garderobar og grupperom, og vi har andre avvik som må lukkast. Både på Velle og Vikemarka har vi lenge hatt paviljongar. På Velle er dessutan arbeidsroma for lærarane ulovlege, m.a. av brannomsyn, og kan verte stengde. Også sløydsalen er ulovleg og kan verte stengd, og skulen nyttar Ørsta kulturhus til deler av si undervisning. I tillegg er fleire klasserom for små, og også her manglar det grupperom. Hovden skule har romsleg med plass, men har store vedlikehaldsbehov. Oppi alt dette har vi også fått snudd om på vedlikehaldsplanane for det stengingstruga ungdomsskulebygget ved Sæbø skule, også det pga fonnfare. Heller ikkje Ørsta opplæringssenter sine lokale er innanfor lova sine krav.

Sakshandsaminga

Skulesaka har vore drøfta i Levekårutvalet (LKU) i to møte og i formannskapet i eitt møte. LKU og formannskapet har gitt politisk støtte til arbeidet og tilrår overfor kommunestyret at saka må utgreiast nærare. Administrasjonen ynskjer å gjere eit grundig arbeid med kostnadsberekning knytt til utbetringar av eksisterande bygg og eit eventuelt nytt bygg for 5.-7. trinn for sentrum krins. Elevar på desse trinna har fag som krev dyre spesialrom, t.d. mat og helse, kunst og handverk, skulebibliotek, naturfag og musikk. Ein vil måtte vurdere om det er rett bruk av avgrensa økonomiske ressursar å bygge slike rom på mange skular. Roma vil stå tome store deler av skuleveka pga lågt timetal i desse faga på kvar skule, medan dei i ein skule med fleire parallellar på kvart trinn vil kunne bli nytta fullt ut.  Bruk av slike spesialrom er elles ikkje vanleg på 1.-4. trinn, så det er noko av grunnen til at det kan vere fullt forsvarleg med skulebygg i dei tradisjonelle krinsane for desse trinna.

Økonomi

Kommunestyret har sett eit tak på 1,2 milliard i samla låneopptak. Med det som til no er vedteke, og med dei behov vi har for skulebygg, må bygging av ny symjehall utsettast fleire år fram i tid. Vi må syte for at vi ikkje gjer feilinvesteringar, og at vi har nok midlar til nødvendig vedlikehald og ikkje minst til lærarar for elevane. Vi har ansvar for å ha ein skule som inkluderer alle, er universelt utforma og har spesialrom. Både Hovden og Vikemarka har fått avvik m.o.t. tilgjenge for rørslehemma, m.a. sidan der er fleire bygg med høgdeforskjellar som er vanskelege å forsere utandørs vinters tid. Dette er mykje godt umogleg å utbetre slik bygga ligg no.

Gigantskule?

Gigantskule? Nei, det er ingen som går inn for det. Tomta til Velle skule er, sjølv om vidaregåande flyttar, noko liten til Velle skule med dagens elevtal, og vil ikkje kunne ha plass til 1.-7 Velle og Vikemarka (Vel 300 elevar på kvar skule no). Ein skule for 5.-7. trinn i sentrum krins vil få 15 klasser. Både Velle og Vikemarka skular har 14 klasser no. Den største klassa på Vikemarka har 29 elevar, noko som ville medført deling og 15 klasser etter klassedelingsreglane som galdt før 2003. Til samanlikning har Ulsteinvik barneskule 20 klasser, 450 elevar og 70 tilsette. Storleiken ser ikkje ut til å slå negativt ut for fagleg og sosial læring, skal ein døme etter resultata. Snarare tvert imot.

Utgreiing

Det er viktig at vi får gjort ei grundig utgreiing av skulesaka for sentrum krins slik at politikarane før sommaren 2018 kan gjere eit langsiktig prioriteringsvedtak som sikrar gode skulebygg til alle elevar. For Vikemarka må det byggast nytt utanfor eksisterande skuleområde, og eit nybygg bør sjåast i samanheng med behova til Velle. Ei sentral tomt til framtidas skulebygg må difor sikrast. Det er elles viktig at vi no får ein god prosess der alle partar får kome med sine innspel.