I tilrådinga til torsdagens kommunestyremøte, der politikarane mellom anna skal handsame sak om ny felles skule, bed rådmannen om at det vert sett av 750.000 kroner til eit forprosjekt for å få ei god utgreiing om skulesituasjonen i sentrum krins. Utgreiinga skal omfatte felles skulebygg for mellomtrinnet (5.-7. trinn) ved sentrumsskulane og samstundes oppretthalde småskuletrinnet ved dei same skulane. Alle partar skal få høve til å medverke i saka.

Hastar

Det hastar for sentrumsskulane å få på plass ei ny løysing, ifølgje rådmannen. Etter at Fylkesmannen sette ein stoppar for utviding av Vikemarka skule grunna rasfare, har kommunen også vurdert utbygging ved Velle skule, men der er ikkje nok areal. Dermed står sentrumsskulane i ein situasjon der det ikkje er nok plass til å huse alle elevane.

– Omstenda ved Vikemarka og Velle og investeringsbehovet ved den andre sentrumsskulen i Hovdebygda, gjorde at vi måtte sjå på sentrumsskulane under eitt, skriv rådmannen.

Vidare: «Administrasjonen har landa på å tilrå ei løysing der småskule, mellomtrinn og ungdomsskule vert sett på kvar for seg, og der alle elevane på mellomtrinnet og ungdomsskulen er samla i eigne bygg, medan elevane på 1.–4. trinn framleis vil vere i skulebygga på dei noverande skulestadane. Ei slik løysing vil gjere skulen betre dimensjonert for demografiske endringar i felta omkring sentrum over tid, samstundes med at det er eit naturleg skilje etter pedagogikk, fag og læreplanmål. Ei slik deling vil krevje areal for nybygg, men vil også gjere det slik at dei andre skulebygga er dimensjonerte for vekst og svingingar i framtida.»

Dalane

Planane omfattar altså Velle skule, Vikemarka skule og Hovden skule som ligg i sentrum krins. Dalane skule har også vore nemnt i planane, men i saka skriv rådmannen at Dalane krins er med i vurderinga for å sjå på kva effekt det ville få i den samla vurderinga.

– Dalane vil gje eit positivt økonomisk bidrag til modellen med 5.–7. trinn, men vil ikkje vere avgjerande for tilråding om oppdelinga av trinna ved sentrumsskulane.

I tilrådinga skriv rådmannen også at ny Dalane skule skal byggjast på Legene når områdeplanen er ferdig utarbeidd, og kommunestyret vil prioritere bygging.

I dag er elevane som soknar til Dalane delt mellom Åmås friskule og Dalane skule.

Mosflata

Etter at kommunen kom fram til at det ikkje er rom for å utvide Velle skule nok til å kunne ta i mot elevar frå Vikemarka, og møte framtidig elevtalsvekst, har dei sett på andre areal for bygging av ny skule. Dei har landa på området søraust for den nye fleirbrukshallen, Ørsta ungdomsskule og Velle skule.

– Dette vil danne eit rektangel der alle kan dra nytte av felles funksjonar. Med godt tilrettelagt infrastruktur, vil dette området kunne gi trygg ferdsel og grei avstand for å sykle og gå for dei fleste av elevane som i dag høyrer til det vi reknar som sentrum krins.

Kommunen eig dette arealet, som er i overkant av 15 dekar (mål), like ved Ørsta eldhus. Kravet til areal for skulen sitt uteområde for om lag 400 elevar er på om lag 17,5 dekar, pluss skulebygningar og parkeringsareal, noko som løyser ut eit arealbehov på om lag 25 dekar. I tillegg til dette meiner administrasjonen at det vil vere naturleg å legge inn infrastrukturløysingar som også vil krevje noko areal. Rådmannen skriv difor i saka at det er viktig å sikre seg grunn og gjere avtalar med grunneigarar om dette, så snart som råd.

90 millionar

Før det vart kjent at det er nødvendig å sjå på skulesituasjonen i sentrum med nye auge, var det rekna ut eit investeringsbehov på 148,5 millionar kroner på dei eksisterande skulane. Vert det vedtak om å bygge ny skule, kan noko av desse pengane gå inn dit, rundt 90 millionar, meiner rådmannen, fordi det ikkje lenger vil vere nødvendig å gjere alle dei planlagde tiltaka ved dagens skular.

Fem klasser per årskull

Administrasjonen har vurdert elevtalsprognoser frå Statistisk sentralbyrå, og kome fram til at det for sentrumsskulane vil vere om lag 126 elevar i snitt per årstrinn i ein ny skule for sentrumskrinsane. Delt på 28 gir dette eit behov for fem klasser med om lag 25 elevar i kvar klasse i ein ny skule. 15 klasser totalt for 5.–7. trinn.

Skulebygget ha eit arealbehov på mellom 4.000 og 5.000 kvadratmeter.

– Elevtala vil variere frå årskull til årskull. Vi må difor ta høgde for å bygge ein skule med 16 klasserom, skriv rådmannen i saksutgreiinga.