Ørsta-Volda lufthamn, Hovden, opplevde nok ein god månad. Veksten var på 10,8 prosent.

Det viser det offisielle månadstala frå Avinor som vart offentleggjort tysdag ettermiddag.

Tala syner at 9.906 passasjerar reiste til og frå Hovden i september. I tillegg var det 88 passasjerar som mellomlanda, noko som gjev ein totaltrafikk på 9.944 passasjerar.

Med dette er Ørsta-Volda lufthamn den flyplassen i Søre-Noreg med størst vekst.

Så langt i år har det vore ein vekst på 6,5 prosent. Til og med september var det 81.093 passasjerar som har reist til og frå flyplassen, inkludert transfer. Ørsta-Volda lufthamn er no den flyplassen med mest trafikk av kortbaneflyplassane på Vestlandet.

Frå flyplashald vert veksten forklart med ein oppgang for verftsindustrien og fleire Widerøe-kampanjar med lægre prisar.