Kari Skotland er råka av multippel sklerose (MS) og er døv. I rundt tolv år har ho budd på Bakk-Ola-marka. Ifølgje dottera Kine Skotland Åmbakk har behandlinga av Kari vorte dårlegare dei fire siste åra.

– Ho har ikkje fått den hjelpa og pleia som ho treng, og ho har meir eller mindre vorte neglisjert av pleiarar/assistentar. Ho har ikkje alltid fått riktig hjelp og behandling, ho har stort behov for hjelp som pleietrengande.

– Har skapt frykt

Ifølgje dottera har pleiarar rota til i leilegheita som Kari Skotland har blitt tildelt på Bakk-Ola-marka.

– Personalet har etter vår meining ikkje teke seg tid til å utføre oppgåver som er heilt nødvendige, og det er dårlege rutinar og informasjon rundt avtalar. Mor mi har fleire gonger måtte vente ein til to timar med å få hjelp med å kome seg opp av senga om morgonen. Dette har skapt frykt i ho for å ligge i senga. No søv ho i ein elektrisk lenestol i stova, seier Kine.

Dottera fortel at tryggleiksalarmen som mora har på handa ikkje har fungert ved fleire høve.

– Det har ført til at ho må vente på å få hjelp til å gå på toalettet i lang tid. Ved eit fall eller andre farlege situasjonar, der ho ville ha hatt behov for øyeblikkeleg hjelp, ville det ha gått timar før ho ville fått hjelp.

Kine meiner at personale som tek seg av mora ikkje er godt nok faglærte.

– Svært få av dei tilsette har nok kunnskap og det har ført til fleire infeksjonar og problem for Kari. Ho har fleire gonger fått trugslar om at viss ho ikkje er nøgd med hjelpa ho får, må ho flytte til eit einerom med svært lite privatliv.

Kommunikasjonsproblem

Kine hevdar at mora fleire gonger har blitt forlaten i dusjen på eiga hand, og at det ikkje har vore noko grundig oppfølging. Dei meiner at det ikkje vert teke omsyn til dei pårørande, og at dei ikkje vert informert om endringar og kva som skjer med mora. Sidan Kari er døv er teiknespråk og tekstmeldingar den føretrekte kommunikasjonsforma mellom mor og dotter. Kari les på leppene til pleiarane, men om dei ikkje snakkar tydeleg kan det vere vanskeleg å oppfatte kva som vert sagt.

– Då er det ei utfordring for ho å forstå kva utanlandske og framandspråklege pleiarar seier.

Situasjonen for Kari har gradvis forverra seg ifølgje Kine.

– Ho har heller ikkje ein personassistent eller støttekontakt, og ho vert difor totalt isolert viss vi ikkje trer til. Dermed vert eg fungerande som ei støttekontakt. For min del så føler eg at eg ikkje kan reise nokon stad, og det er fleire gonger eg ikkje har kapasitet til å hjelpe til. Eg har også fått telefon frå Bakk-Ola-marka der dei har tilbode meg pengar for å hjelpe mi eiga mor. Eg tykkjer det er å gå langt over streken. No har det vorte så gale at det er på brestepunktet, seier Kine.

– Vert ikkje tekne på alvor

Dottera opplever at kommunikasjonen med Bakk-Ola-marka har vore vanskeleg. Ifølgje Kine har det ikkje vore enkelt å nå fram på telefon, og fleire gonger har ho måtte reise eins ærend ned på Bakk-Ola-marka for å oppnå kontakt.

– Vi blir ikkje tekne på alvor av pleiarane. Unnskyldingar kjem fram kvar gong, men ingen betring vert gjort. Forklaringa vi får er at det har vore lite bemanning og at tida ikkje strekk til. Vi har vore i kontakt ein siste gang for å finne ut kva dei kan gjere for at det kan bli noko betring, men lovnadane vert ikkje haldne. Eg meiner at det er rein neglisjering og kommunikasjonssvikt, frå alle ledd i systemet. Ho har det ikkje bra på Bakk-Ola-marka, og er ofte deprimert. Ho føler seg ikkje trygg og stoler ikkje på det som vert sagt eller avtalt.

Dottera har valt å fortelje si side av saka i von om at situasjonen vil betre seg.

– Men det kjem til å ta lang tid før tillita og respekten blir bygd opp igjen etter dette, seier Kine.

Rot: Søskena meiner at reinhaldet i leilegheita til mora ikkje er som det bør vere. Biletet syner væskeflekkar på soveromsveggen. Foto: Joachim Åsebø