– Bolla Piggsvin, heiter han.

Selena Grevstad Hjelle (6 år) viser stolt fram familien sin nykomar, eit lite piggsvin dei fann i hagen heime i Seljebakken i Volda.

Det var far i huset, Børt Hjelle, som oppdaga piggsvinet i skyminga ein sein ettermiddag. Alle gjekk ut for å sjå. Bolla var svært liten og såg noko forkomen ut.

– Vi tenkte at han var alt for liten til å klare seg sjølv. I tillegg var det for tidleg på dag til at han skulle vere ute. Så vi tok han med inn, fortel mor Synnøve Grevstad.

Dei tok kontakt med Pinnsvinhjelpen, ein frivillig og veldedig organisasjon som har som føremål å bidra til å auke piggsvinbestanden.

– Dei bad oss måle og vege piggsvinet. Han var 250 gram og 20 cm. Ein ganske liten krabat. Pinnsvinhjelpen sa at piggsvin ikkje klarer seg sjølv før dei er nærare 600 til 700 gram, så dei bad oss om å ta vare på han og gi han kattemat og vatn. Så no er planane om hamster lagt på hylla, og piggsvinet har flytta inn i hamsterburet i stova, ler Grevstad.

– Det var kanskje ikkje akkurat det Børt såg føre seg, då han fekk heile familien med ut i hagen for å helse på piggsvinet.

Men ho var aldri i tvil om at det var det rett av dei å hjelpe piggsvinet. På denne tida av året ligg også dei fleste piggsvin i dvale. Bolla er difor ein roleg gjest å ha i hus.

– Han søv mykje, men romsterer litt om natta og finn seg mat og slike ting. Han har lagt på seg litt, etter berre ei veke. Det er positivt. Utfordringa er at vi har hust fullt av ungar, og piggsvin kan døy av stress om det er for mykje lyd. Men vi prøver å ta omsyn til han. Det er greitt at vi held han vaken også, for han er alt for liten til å ligge i dvale. Då er det ikkje sikkert han klarer seg.

Familien har innsett at når dei først har fått piggsvinet i hus, er det ingen veg tilbake. No får Bolla bu hos dei til neste år. Då håper dei at han er stor nok til å kunne settast tilbake til naturen.

Dyrekjennar og ornitolog Alv Ottar Folkestad seier at familien gjorde heilt rett i å ta til seg piggsvinet.

– Ifølgje dyrevelferdslova er alle pålagde å ta seg av dyr som lid og som har problem. Folk er pliktige til å hjelpe. Enten ved å ta seg av dyra sjølve, eller å få andre til å bidra. Dette er eit godt eksempel på det, seier han.

Piggsvina er eit utsett dyr, i alle fall på våre kantar, fortel Folkestad.

– Det handlar mykje om klima. Dei toler dårleg berrfrost om vinteren, og når det også skiftar mellom mildvêr og kulde, er det ei utfordring for dei. Dei kan vakne av det milde vêret, men vil ikkje finne seg mat. Vaknar dei vil dei også tære på næringa dei har i kroppen, som skal hjelpe dei gjennom vinteren. Dei er ikkje godt nok utstyrt til å klare seg så godt i vårt klima.

Piggsvinet er eit ettertrakta dyr i hagane til folk, fordi dei er kjent for å vere glade i å ete sniglar. Synnøve Grevstad meiner det har vorte færre piggsvin dei siste åra, og er redd for at kampen mot brunsniglane også går ut over piggsvina.

– Kan det vere at dei får i seg sniglegift til dømes? Eg veit ikkje, men det er synd om dei skulle forsvinne heilt.

Folkestad seier at sniglegift kan vere ei årsak til at det har vorte færre piggsvin. Han har heller ikkje særleg høge tankar om dei sjølvgåande elektriske grasklipparane stadig fleire investerer i. Dei gjer godt for plenen, men for piggsvina er dei ein trussel.

– Desse grasklipparane tek ikkje spesielt stort omsyn til dei små piggsvina, og der er mange historier om piggsvin som har vorte drepne på grunn av dette. Alle dyr har sin eigen plass i naturen. Dei finst av ein grunn. Difor er det viktig å ta vare på alle typar dyr. Vi skal ha respekt for skaparverket.