Dette melder dagleg leiar Inge Kolås sjølv i ei pressemelding. Han forklarar at årsaka til konkursen er ei usemje firmaet har hatt med Opplysningsvesenets fond om eit restaureringsprosjekt.

– Inge Kolås AS har hatt pågåande eit byggeprosjekt i over ein treårsperiode på Vereide prestegard. OVF held tilbake 5,7 millionar kroner på dette prosjektet, då dei meiner prosjektet er for dyrt, og at vi har varsla for seint om desse kostnadane. Vi har i lengre tid forsøkt å finne ei forhandlingsløysing, utan å lukkast. Dessverre vert då dette slik at Inge Kolås AS går konkurs i dag (torsdag), seier Kolås i pressemeldinga.

Han og firmaet kjenner seg lurt av Opplysningsvesenets fond.

– Det er trist og vemodig at vi har hamna i denne situasjonen. Det er svært trist at dette har medført at fleire som var aktørar inne på Vereide har tapt store pengar på dette. Utan desse aktørane sin innsats på dette freda og staselege bygget, ja, så hadde ikkje prestebustaden vorte restaurert i det heile, seier Kolås.

Dei tilsette held fram

Men dei tilsette misser ikkje arbeidet.

– Eg oppretta i fjor eit firma, Byggmeister Inge Kolås AS. Dette nye firmaet er allereie i sving og alt mannskap som tidlegare var i Inge Kolås AS, er no engasjert hos Byggmeister Inge Kolås AS. Det er eigentleg kompetansen av dei tilsette som er den største ressursen i eit slikt type firma. Eg er svært nøgd med at dei er vidare med i ny drift og ny framtid, seier Kolås.

– Byggmeister Inge Kolås AS vil betene dei noverande kundane, og framtidige kundar med same type glød som vårt mannskap alle tider har forsøkt å gjere, heiter det i pressemeldinga.