Formannskapet vedtok tysdag å tilrå overfor kommunestyret at det vert sett i gang ei vurdering av ein ny storskule. Det handlar i fyrste omgang om ei løyving på 750.000 kroner til utgreiinga, og det er stipulert at ein ny skule kan koste kring 160 millionar kroner.

Fryktar for heile Hovden skule

Framstegspartiet ynskjer ikkje at ein ny felles storskule for heile sentrumskrinsen skal vere med i vurderinga. I staden vil Frp at denne utgreiinga berre skal gjelde dei som i dag soknar til Vikemarka og Velle skular, og at det skal vere ein skule frå 1. til 7. klasse. I tillegg ynskjer Frp ei utgreiing av ein ny skule for 1. til 7. klasse for Åmdal og Follestaddal på Legene, og ein tilsvarande skule i Hovdebygda.

– Dette er ei sak med veldig mange sider, og som rører ved mange i lokalsamfunnet. Utgreiinga må ta høgde for folketalsutvikling og nye planlagde be bustadområde. Dette er eit politisk val vi må gjere. Saka handlar ikkje berre om økonomi, men ho handlar om kvalitet, oppvekstvilkår og samhald, sa Hans-Olav Myklebust, og la fram forslaget frå Frp.

Dei andre partia støtta seg i stor grad til rådmannen si tilråding. Ho gjekk ut på å løyve 750.000 kroner til ei utgreiing av ny skule for 5. til 7. klasse i sentrum krins, og i tillegg til at ein ny Dalane skule på Legene vert vurdert i økonomiplansamanheng etter at Legene er områderegulert.

Viktig sak

Ordførar Stein Aam forklarte kvifor saka er viktig, og kjem no.

– Det handlar om korleis vi skal greie å ta kostnadene våre for framtida. Vi kan spare 90 millionar kroner i investeringar og 1,2–1,4 millionar kroner årleg på drifta, sa Aam.

Likevel støtta han ikkje forslaget frå rådmannen hundre prosent. I tillegg til vurderinga av ein ny storskule for 5. – 7. klasse for heile sentrumskrinsen, ynskte Aam ei tilleggsvurdering av kostnadene med å ruste opp Hovden skule til å vere ein skule for 1.–7. klasse også for framtida. Dette vart vedteke mot røystene til Høgre, Venstre og KrF.

Aam vedgjekk at det siste forslaget om å late heile barneskulen framleis vere i Hovdebygda, vill redusere innsparingsgevinsten.

Paul Kristian Hovden (KrF) karakteriserte stoda for sentrumsskulane prekær.

– Det er grunnen til at saka har kome opp, og at vi ikkje får utvide ved Vikemarka skule. For meg er det ikkje avgjerande at det er skule her eller der, men at skulane skal gje eit godt tilbod. Når saksutgreiinga peikar på føremoner med 5.–7. trinn, då festar vi lit til det, sa Hovden.

– Teke ille i mot

Idar Vatne (Frp) frykta at ei satsing på ein ny storskule i sentrum ville verte teke ille imot.

– Hovden burde ha vore rusta opp til å ta 200 elevar. Eg meiner vi skal satse på Dalane og Hovden i staden for Velle.

Då reagerte rådmannen:

– Vi må byggje skular der elevane bur, og ikkje tru at dei flyttar dit skulane er. Det vart bygt eit skulepalass i Dalsfjorden. Ingen har flytta dit for å gå på den skulen, sa rådmannen.

Per-Are Sørheim (H) minte om dei økonomiske utfordringane kommunen står overfor.

– Det gjeld spesielt drifta, for frå 2025 vil vi få ein sterk vekst i talet på pleietrengjande eldre. No har vi i nokre år rom til skuleinvesteringar. Dei må vi gjere på ein måte som maksimaliserer drifta vår, sa Sørheim.