Fjord1-ferja "Goma" er ute av drift, etter at ho kring kl. 10.25 måndag gjekk i land ved sida av ferjekaia på Sæbø, og trefte sjølve kaia.

På smp.no kan du sjå video av hendinga. Klikk her.smp.no

Eit augevitne fortel til Møre-Nytt at han såg at ferja hadde problem på veg inn mot ferjekaia på Sæbø.

- Det vart gjort forsøk på å hive ut anker m.a., fortel vitnet.

Klokka 11:30 fortel Møre-Nytt sin mann på staden at ferja er ute av drift inntil vidare, og at det vert jobba for å få tak i ein skyssbåt som kan frakte passasjerar. Det er ikkje synlege skader på ferja,men kaia er skadd.

- Eit hell i uhellet er at det var flo sjø. Så det ser ut til at ferja har gått klar botnen, seier Møre-Nytt tin reporter.

Mannskapet ønskjer ikkje å kommentere hendinga.

Har du tips om saka, kontakt Møre-Nytt, 700 41 900 eller e-post: redaksjon@morenytt.no

Møre-Nytt kjem tilbake med meir.