– Det var fint vêr onsdag og folk har heilt sikkert vore på tur. Eg laga plass i min eigen sekk, plukka saman det eg fann og tok det med meg ned att. Dei har som lagt att dette burde ha vore mann for sin hatt og bedt om orsaking. Her er nokon som har ete eit måltid på papptallerken, mykje plast, flasker og boksar. Det er ikkje slik vi vil ha det, seier Hovland.

Tursekken til Hovland vart fylt av søppel torsdag. Boset har blitt sortert, og panten frå flaskene gjekk til Røde Kors gjennom panteautomaten. Oppmodinga frå han er at turgåarar tek med seg heim att det dei har teke med seg på tur.