– Det er veldig kjekt. Vetle er einaste barnet på Trandal og med barnehageplass på Sæbø får han vere sosial saman med andre på same alder, noko som er viktig. Vi fekk plass i barnehage til han i sentrumsområdet i Ørsta, men det var aldri ei aktuell problemstilling. Alternativet var at Vetle vart heime, fortel mor til Vetle, Ivonne Kroken Ekremsæter.

Ho er sambuar med Daniel Storeide, og gravid med termin i oktober. Og om ei tid kan ho få behov for endå ein barnehageplass på Sæbø.

Seks plassar

Måndag opna Sæbø barnehage for seks nye plassar i det tidlegare bankbygget i sentrum av Sæbø. Det er grunna plassmangel det etter politisk vedtak er oppretta eit midlertidig lokale for seks av dei yngste borna i alderen eitt og to år. Lokalet ligg på baksida av bankbygget, like ved Sæbø barnehage.

– Det gjekk fort i svingane for å få laga til det nye lokalet, og det har vore lagt ned ein stor innsats. Lokalet er lyst og triveleg, med alle fasilitetar, og er no godt tilrettelagt for barnehagedrift, seier barnehagesjef Reidun Mo i Ørsta kommune.

Tidlegare fann ein tannklinikk i det som no er barnehagelokale.

No nyttar fem born tilbodet, men det er ein plass til seks born. 2,4 stillingar er tildelt den nye eininga som ikkje er ei eiga avdeling, men ein del av småbarnsavdelinga i Sæbø barnehage. Og ein finn både ein pedagogisk leiar, ein fagtilsett og ein assistent i eininga.

– Sjølv om vi held til i bankbygget nyttar vi Sæbø barnehage sitt uteområde, fortel styrar Karen Rekkedal i Sæbø barnehage. Barnehagen har 33 born fordelt på to avdelingar.

Rammeplan

Ørsta kommune har no fått ein ny rammeplan for barnehagane med fokus på språk og natur – og at barnehagane i Ørsta skal vere lærande organ for dei minste.

– Vi har veldig stort fokus på at borna skal vere utandørs, dette gjeld alle aldersgrupper. Det skjer mykje motorisk utviklande med små born, og det er viktig at dei får leike også i ulendt terreng, og ikkje berre køyrde i barnevogn, seier Reidun Mo.

Dei fem borna i bankbygget fekk alle plass i sentrumsbarnehagar i Ørsta, men altså ikkje på Sæbø.

– Det er viktig at alle born i Hjørundfjorden får tilgang på plass i barnehage på Sæbø, ikkje minst dei yngste borna som har mest behov for tryggleik, seier Reidun Mo.

Lokalet i bankbygget er godkjent for to års bruk. Etter det skal tilbodet evaluerast.

– Slik det no ser ut vil vi ikkje ha behov for ekstra plassar om to år. Men folketalsutviklinga på Sæbø er positiv og ingen kan spå for framtida og om barnetalet vil auke. Og vi jobbar vidare med utvikling av barnehagetilbodet på Sæbø. Det er berre foreldra som veit om barnetalet vil auke, seier Mo.

Når det gjeld det samla barnehagetilbodet i Ørsta, står nokre born på venteliste, noko som er normalt.

– Vi fyller heile tida opp etter kvart som det er ledige plassar og prøver å imøtekome alle behov. For innflyttarar er barnehageplass noko av det viktigaste ein kan tilby småbarnsfamiliar, slår barnehagesjefen fast.

sæbø barnehage: Borna som held til i bankbygget leikar saman med borna i Sæbø barnehage (bildet) som ligg like ved. Foto: Roy-Arne Folkestad
bankbygget: Bankbygget på Sæbø har no vorte lokale for Sæbø barnehage. Foto: Roy-Arne Folkestad
BANKBYGGET: Frå venstre styrar Karen Rekkedal med Vetle Storeide som er guten til Ivonne Kroken Ekremsæter. Til høgre er barnehagesjef Reidun Mo. Foto: Roy-Arne Folkestad