Debatten i kommunestyret torsdag vart avbroten ein kort periode av foreldre og barn tilknytt Hovden skule.

– Heia Hovden hei og hå, vi er mange store og små. Det vi alle lurar på, er om vi skal priorterast no, song dei før kommunestyret vald eå ta ein kort pause og heldt fram med debatten rundt økonomiplanen.

– Eg trur ikkje på at vi får byggje ein ny skule med femten klasserom for 65 millionar kroner. Dette er ei investering på minst 200 millionar kroner.

Det sa Paul Kristian Hovden (KrF) under debatten om økonomiplan for perioden 2018-2021 i Ørsta kommune. Debatten i kommunestyret handla mykje om skule.

– Vi må få ei ugreiing om kvar den nye sentrumsskulen skal vere. Investeringane som må til på skule er så store at det vil få betydning og skape endringar for heile planperioden som vi skal i gang med. Eg opplever at fleire av dei store sakene er mangelfull utgreidd så langt. Konsekvensen av desse sakene vil vere så stor for den andre delen av pengane vi skal bruke, viss vi ikkje skal gå utover ramma på 1,2 milliardar kroner, sa Hovden før han fremja utestjingsforslag for økonomiplanen.

– Kritisk til denne måten å gå fram på

Hans Olav Myklebust (Frp) meinte at behandlinga av økonomiplanen kom litt for tidleg. Han var og kritisk til endringane i rådmannen sitt forslag for bruk av pengar til skule.

– Rådmannen sitt forslag frå 6. juli hadde pengar til Dalane, Vikemarka, Velle og Hovden. Det oppdaterte forslaget har vesentlege endringar. 1,65 millionar kroner til Dalane har blitt til null. 21 millionar kroner til Velle har blitt null. Vikemarka har gått frå 13,75 millionar kroner til 600.000 kroner, og Hovden frå 4,1 millionar kroner til 1,45 millionar kroner. Det nye er 65,4 millionar kroner til ny skule i Ørsta sentrum. For kven og kvifor? Kva behandling har dette fått. Eg er kritisk til denne måten å gå fram på. Vi treng betre tid for å lage eit skikkeleg vedtak, sa Myklebust.

La fram endringsforslag

Per Are Sørheim (H) gjekk på talarstolen etter Myklebust og la fram eit endringsframlegg til økonomiplanen. Hovudpunkta i planen frå Høgre var å sette ei investeringsramme på 1,2 milliardar kroner for planperioden, effektivisere drifta i kommunen med 0,5 prosent pr år, halde eigedomsskatten på to promille og bruke mindre av disposisjonsfondet.

– Vi støttar ei utgreiing av ein ny sentrumsskule frå 5. til 7. klassetrinn på Mosflata, med eventuell byggestart i 2019-2020, for å løyse kapasitetsutfordringane på dei andre skulane i sentrum.

I tillegg ville Høgre at det i 2018 vart sett av fem millionar kroner til opprustinga av Hovden skule.

– Saknar bakgrunnstoff

Gunnar Knutsen (V) tok også til ordet for å bruke meir tid på økonomiplanen, og få meir informasjon om kva som ligg i dei ulike investeringspostane i forslaget frå rådmannen.

– Vi veit at det opphavlege forslaget til økonomiplan var ei ønskeliste frå dei ulike seksjonane, men eg saknar meir bakgrunnstoff på dei enkelte postane. Vi ser også at kostnadsrammene på det vi vedteke ikkje er det vi endar opp med å betale. Eg ønskjer å vite meir om dei reelle kostnadane når vi gjer vedtaka, sa Knutsen.

Utsette saka

Utsetjingsframlegget frå Hovden vart vedteke mot åtte stemmer i kommunestyret. Myklebust kom også med eit forslag om utsetjing med føringar.

– Kommunestyret bed levekårsutvalet og samfunnsutvalet om å handsame saka på nytt med bakgrunn i tilrådingar frå formannskapet. Kommunestyret ber rådmannen lage ei oversiktleg framstilling som syner tilrådinga på ein god måte med omtale av investeringane som er tilrådd.

Forslaget frå Myklebust fekk fem røyster og fall.

Merknad til økonomiplanen

FAU ved Hovden skule, Rystene Barnehage og Hovdebygda barnehage hadde i forkant av møtet kome med ein merknad til økonomiplanen for 2018-2021.

– Vi krev at alle avvika vert utbetra slik at alle borna våre får bruke klasserom, skulekjøkken, gymsal og garderobar på ein verdig måte. Samstundes får dei tilsette ein godkjend arbeidsplass. Vi krev utbetring etter dagens forskrifter, stod det i merknaden.

Kritisk til sentumsskule

FAU undstreka også at dei ikkje ønskjer ei flytting av 5. til 7. trinn til ein sentrumsnær skule.

– Vi ser på ei flytting av 5. - 7. trinn til ein sentrumsnær skule, som et tap av fagleg og sosial kompetanse for heile krinsen. Brorparten av bustadutviklinga i kommunen er dei neste åra planlagd innanfor Hovden skulekrins, der born vil ha moglegheit for å nytte fortau og undergang for å gå til og frå skulen. Ei flytting av 5.-7. trinn vil medføre at alle elevar må nytte skyss, eller gå langs trafikktunge E39 til og frå skulen.

I merknaden vert det poengtert at dei no krev handling.

– Vi ønskjer å sette fokus på kva som er viktig for Hovden krins og våre born. Blir vi ikkje høyrt, må vi vurdere fleire tiltak for at kommunen skal stå til rette ovanfor innbyggjarane.

Kritisk: Hans Olav Myklebust (Frp) var kritisk til endringane i forslaget til vedtak knytt til skule, og understreka at politikarane treng betre tid for å gjere vedtak i saka om økonomiplan. Foto: Joachim Åsebø
Debatt: Mykje av debatten knytt til økonomiplan handla om skule. Eit forslag om utsetjing av saka frå Paul Kristian Hovden (KrF) fekk fleirtal. Foto: Joachim Åsebø