Fredag la ei gruppe som kalla seg "Dei unge vaksne på Bjørke" søknad om såkalla grensejustering. I praksis betyr det at dei bed fylkemannen setje i gang ein prosess for å vurdere om Bjørke skal inn i den nye Volda kommune.

Dermed vert eit planlagt folkemøte onsdag i komande veke avlyst, går det fram av ei pressemelding som Bjørke grendalag sende ut fredag kveld.

–Det har no oppstått ein situasjon der ei eiga gruppe har teke initiativ til å sende søknad til Fylkesmannen og be om ei utredning av grensejustering av Bjørke og Viddal krins. Når Fylkesmannen har motteke ein søknad om grensejustering har ikkje lenger Grendalaget noko rolle i denne prosessen, står det i pressemeldinga.

Folkemøte

Folkemøtet skulle mellom anna drøfte spørsmålet om det skulle setjast i gang folkerøysting om grensejustering. Men det er nok at ein innbyggjar ber om grensejustering, og det har altså skjedd alt før folkemøtet.

–Fylkesmannen vil no, etter det grendalaget kjenner til, innhente informasjon frå dei berørte kommunene og utføre ei eiga innbyggjarundersøking. Dersom ingen av kommunane har innsigelsar kan Fylkesmannen avgjere saka. Dersom ein eller fleire av kommunane har innsigelsar, vert saka overført til Kommunal- og moderniseringsdepartementet som tek den endelege avgjerda i prosessen. På bakgrunn av dette ser ikkje Grendalaget nokon grunn til å avhalde folkemøte og innbyggjarundersøking, står det i pressemeldinga.

Tussa-millionar

For Ørsta kommune står mykje på spel. I tillegg til å miste innbyggjarane på Bjørke og Viddal vil kommunen kunne miste årlege millioninntekter i skatt frå Tussa sitt kraftverk. Det som har skjedd fredag kjem truleg til å setje fart på utmeldingsdebatten for alvor.

Også i Hornindal diskuterer ein krins utmelding. Det er Kjøs krins, og her har fylksmannen i Sogn og Fjordane hatt innbyggjarundersøkjing.