Brynhild Solvang går av som leiar for barnevernstenesta i Ørsta, Volda, Ulstein, Hareid og Hornindal ved årsskiftet. Det har meldt seg seks søkjarar til stillinga som ny barnevernsleiar.

To av søkjarane , ein mann og ei kvinne har bede om at namnet deira ikkje vert offentleggjort. Dei andre søkjarane er:

Aina Øyehaug Opsvik (53) fagteamleiar i barnevernet, busett i  Ørsta

Sarah Naomi Reite (22), Haddal

Christine Larsdotter Vaagen (50) , tilsett ved NAV Herøy, busett i Ulstein

Iselin Eliassen Aske (38) Mottaksleiar, Hareid EMA mottak, busett i Ulstein.