Det varsla dagleg leiar Petter Bjørdal under ei orientering for Volda formannskap tysdag. Han var i formannskapet for å orientere om kvifor det er naudsynt for Volda og Ørsta Reinhaldsverk om å be om ei heva grense for kor store låneopptak verksemda gjer.

– På grunn av både internasjonale og nasjonale krav, krav frå Fylkesmannen og også krav frå vår eigen representantskap, er Volda og Ørsta Reinhaldsverk nøydde til å ta store investeringar i åra som kjem. Vi ser føre oss ei investering på fire millionar kroner på Miljøstasjonen i Hovdebygda for publikumsretta tiltak, og investeringa på Melsgjerdet har ei førebels kostnadsramme på 72 millionar kroner, fortalde Bjørdal.

På Melsgjerdet skal det i hovudsak investerast i ein omlastningssentral for avfall. I tillegg kan det kome eit biogassanlegg.

– Kostnadsramma på 72 millionar kroner er førebels. Ho kan verte redusert, men også auke viss det vert stilt nye krav, forklarte Bjørdal.

For komande år, altså 2018, ber VØR om ein auke i gebyra på 3,5 prosent. Det vil seie eit gebyr for ei standrad hushaldning på 1.863 kroner. Men frå 2019 vil gebyret auke til 3.100 kroner for ei standard hushaldning.

– Likevel vil vi ikkje særleg høgare enn reinhaldsverka kring oss, påpeikte Bjørdal. Allereie i dag ligg til dømes Søre Sunnmøre reinhald på ytre Søre Sunnmøre høgare enn dette.

Miljø- og klimakrav

Krava som VØR står overfor handlar om i den store samanhengen om klimatiltak og krav om attvinning av avfall. Måla og krava er at det aller meste av avfallet skal vinnast att, i form av materialgjenvinning eller energi. Det er også eit mål at den totale avfallsmengda skal reduserast.

– For å gjere dette rimelegast mogleg må vi ta våre investeringar, men også spele på lag med hushaldningane. Den mest effektive sortering skjer til dømes i heimen, sa Bjørdal.

Under presentasjonen spurde Odd A. Folkestad om (Frp) VØR har planar om å slå seg saman med andre selskap for å få stordriftsfordelar.

– Det er ei sak eg overlèt til eigarane våre, svara Bjørdal. Eigarane er Ørsta og Volda kommunar.