Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gitt Fylkesmannen i oppdrag å greie ut om det er grunnlag for grensejustering for området Markane (Kjøs grunnkrins) i Hornindal kommune. I samband med dette har Opinion på oppdrag av Fylkesmannen gjennomført ei innbyggjarundersøking på telefon for å få fram innbyggjarane si tilknyting til kommunane Hornindal og Stryn.

Fleirtalet vil til Nye Volda

66 personar av dei som vart oppringte svarte, og dette gir ein svarprosent på 87. Dei som har svart er rimeleg representative for befolkninga i området ut frå aldersfordeling og kjønn.

Fleirtalet meiner at Kjøs grunnkrins bør tilhøyre den samanslegne kommunen mellom Hornindal og Volda, nye Volda kommune. Undersøkinga gjev likevel ikkje klart svar på kva kommune innbyggarane i Kjøs grunnkrins meiner dei bør tilhøyre. Sjølv om 52 prosent svarar Hornindal mot 45 prosent svarar Stryn, er denne forskjellen innanfor feilmarginane. Det er med andre ord ikkje noko signifikant forskjell mellom kva kommune innbyggarane føretrekker å høyre til. Men det er større skilje mellom bygdene. Heile 92 prosent av dei som har svart i området Aasen, Maurset, Øyane og Øyebakken, meiner at Kjøs grunnkrins bør høyre til Stryn kommune. I dei andre områda i krinsen er det 62 prosent som meiner nye Volda kommune.

Kommunane Hornindal og Stryn er bedne om å kome med faktagrunnlag til ein førebels rapport, som Fylkesmannen sender til kommunane for uttale. Fylkesmannen tek sikte på å sende tilråding til departementet i midten av desember. Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som tek avgjerd i saka.