Kommunestyret får torsdag saka om PP-tenesta på bordet som ei referatsak. Saka om korleis PP-tenesta skal organiserast er avgjort, og frå 1. august i år vart det ei felles teneste for kommunane Ørsta, Volda, Ulstein og Hareid med kontor i Ulstein.

Tidlegare fagleg leiar for PP-tenesta sende i februar ein epost til medlemmene i levekårsutvalet før dette utvalet skulle handsame saka om omorganisering. I denne eposten kjem den faglege leiaren med sterk kritikk mot både administrasjonen, mot hovudverneombodet og mot hovudtillitsvalde i Utdanningsforbundet. Eposten vart ikkje lagt fram for medlemmene på møtet, og dette får leiar Odd Magne Vinjevoll kritikk for frå kontrollutvalet.

I eposten tek den faglege leiaren eit oppgjer med saksgangen i omorganiseringa av PPT. Ho fortel om ei anna verkelegheitsoppfatning om stoda i tenesta mellom dei tilsette enn det som kjem fram i dokument som politikarane skal ha som grunnlag for vedtak om den framtidige teneste. Ho hevdar at arbeidsmiljøet mellom dei tilsette vert oppfatta som godt etter ein vanskeleg periode.

Mellom anna skriv den faglege leiaren: «Adm ynskjer at vi er knebla så ingenting av våre synspunkt skal kome ut. Så vert vi misbrukt av dei same, og det vert formulert som om vi er einige i alt dei gjer. Dette er sterkt graverande og injurierande då dei veit svært godt kva vi meiner. Dei har skapt ein kultur innan oppvekst som er prega av knebling og frykt for represaliar som dei ytrar seg i støtte for oss», heiter det frå den tidlegare faglege leiaren.

Denne eposten vart altså ikkje lagt fram for levekårsutvalet. I kontrollutvalet forklarte leiar Vinjevoll at han ikkje hadde lest denne eposten før møtet. Han kjende heller ikkje til at eposten var sendt til alle medlemmene og varafolk. Han meinte skrivet ikkje hadde hatt noko å seie for handsaminga.

Ein av dei som fekk eposten, var hovudverneombodet. Ho er også vara i til levekårsutvalet. Ho reagerte på skuldingane, og på at det ikkje var gjeve høve til å imøtegå skuldingane om at ho og hovudtillitsvald stod på arbeidsgjevar si side i konflikten.

Overfor kontrollutvalet tilbakeviser også administrasjonen ved rådmannen skuldingane.