Det kjem fram i eit internt notat som vart lagt fram for kontrollutvalet i byrjinga av september. Kontrollutvalet har handsama korleis den politiske prosessen kring omorganiseringa har vore.

Rådmannen tilbakeviser altså skuldingane frå tidlegare fagleg leiar.

– Administrasjonen, tillitsvalde og hovudverneombodet opplevde at desse påstandane medførte ei utvikling i prosessen, der det politiske nivået gjennom ord og handling har synt tydeleg mistillit til administrasjonen sitt arbeid, og ukritisk trudd på einskildpersonar som ikkje har vore samde i dei faglege vurderingane arbeidsgjevar har gjort, kommenterer rådmannen.

Ho viser dessutan til ei medarbeidargransking frå februar i år, der seksjon skule og leiinga skårar høgt på meistringsklima og meistringsorientert leiing.

Rådmannen meiner fokus no må handle om framtidig samhandling og tillit mellom politikk og administrasjon.