Rådmannen kjem igjen med negativ tilråding: ho rår politikarane frå å søkje om fornya status.

Før saka vart utsett i førre runde, hadde vi i styringsgruppa gode møte med dei fleste partigruppene. Det var særleg to ting dei (naturleg nok) var opptekne av. Det eine var økonomiske konsekvensar for kommunen, det andre var frykta for auka arbeidsmengd for administrasjonen.

Vi har og hatt eit konstruktivt møte med administrasjonen, og gjort vårt for å avklare dei spørsmåla både administrasjon og politikarar er opptekne av.

Kort oppsummert:

1) Økonomi. Her talar vel saksutgreiinga for seg sjølv. Anten ein set eit mål om at 10 prosent eller 25 prosent av totalbruken av kaffi og te kjøpt gjennom innkjøpssamarbeidet skal vere Fairtrade-merkt, er det snakk om småpengar. Eitt døme: ekstrakostnaden ved å setje eit mål på 25 prosent Fairtradekaffi vil vere på 6.770,60 kroner på eitt år! Forbruket av te, og dermed ekstrakostnaden her, er enno lågare.

2) Arbeidsmengd for administrasjonen. Som vi før har understreka, har heile Fairtradearbeidet så langt vore utført på frivillig basis av medlemmer i styringsgruppa. Dei nye krava frå Fairtrade Norge pålegg kommunen/ administrasjonen ein liten ekstrajobb. Annakvart år må ein søkje om fornying av statusen. Ein må då hente inn tal for totalforbruket av kaffi og te, og ut frå det setje nye mål om kor stor del av dette som skal vere Fairtrademerkt dei komande åra. Desse tala har vi fått avklara at administrasjonen på ein enkel måte kan få frå det felles innkjøpssamarbeidet i Ålesund. Så må ein lage enkle innkjøpsrutiner som sikrar at dette vert oppfølgt i praksis. I den nye digitale kvardagen burde ikkje dette vere noko problem.

Styringsgruppa må ha ein kontaktperson i administrasjonen. Det kan vere den som er kontaktperson for Innkjøpssamarbeidet, eller det kan vere den som står for dei største innkjøpa. Vi ser ikkje føre oss at denne personen skal verte nedrent av styringsgruppa, men det er viktig å vite kven vi skal kontakte om det er noko. Vi kan såleis ikkje sjå føre oss at dette skal påføre administrasjonen særleg mykje ekstraarbeid.

Grunnen til at Fairtrade Norge har fornya krava er at det er auka sal av Fairtrademerkte varer som gjev utviklingseffekt for bønder og arbeidarar i land med utbreidd fattigdom. Ørsta har vore stolt Fairtrade-kommune sidan 2008.

Mange arbeidsplassar og serveringsstader er med på dugnaden. Vi i styringsgruppa vil gjerne halde fram med å bruke fritida vår på dette arbeidet, som vi opplever som ein meiningsfull måte å bidra til ei betre verd på.

Vi oppmodar politikarane om å sei ja til at Ørsta skal halde fram som Fairtrade-kommune!