Brannvernet let huset brenne ned.
            (Foto: Janne-Marit Myklebust)

Brannvernet let huset brenne ned.Foto: Janne-Marit Myklebust

Ingen bur i huset til vanleg, men folk skal ha planlagt å overnatte der natt til torsdag

Hus brann ned på Vartdal

Huset har brunne ned. Brannvernet hadde kontroll men mangla vatn.

Politiet melder om at det brenn i eit bustadhus på Vartdal, onsdag kveld.

Huseigar er på staden og opplyser til politiet at der ikkje er folk inne i huset.

Brannvernet driv no med sløkking. Det er ein del røyk på staden. Ingen var inne i bustaden då brannen starta, melder politiet.

Brannvernet skal ha store utfordringar med å hente vatn til sløkkinga, får Møre-Nytt opplyst frå vår journalist på brannstaden.

Det skal vere ein hydrant med lite trykk på, og at dette fører til problem med forsyning av vatn.

Brannen vart meld inn klokka 21.45.

Brannen er i området Remen. Det skal ikkje vere fare for spreiing til andre hus.

Det bur til vanleg ikkje nokon i huset som brenn. Men eit par skal ha planlagt å overnatte i huset i natt. Dei skal ha vore ute på tur då brannen starta.

Brannen vart oppdaga av tilfeldige forbipasserande.

Brannårsaka er førebels ukjend.


Møre-Nytt får klokka 22.47 opplyst at brannvernet let huset brenne ned. Dei har kontroll over brannen.

Meir å lese på Møre-Nytt:
Brannen er i området Remane. Det skal ikkje vere fare for spreiing til andre hus.
            (Foto: Janne-Marit Myklebust)

Brannen er i området Remane. Det skal ikkje vere fare for spreiing til andre hus.Foto: Janne-Marit Myklebust

Dette vert lest no:

Sokneprestane svarar Hans Reite

- I våre auge forkludrar Reite den heilt grunnleggande kristne tanken om at menneska er skapte i Guds bilete, sjølvsagt heilt uavhengig av til dømes seksuell legning.

Black Friday

Økonomen Thomas sparte 11.500

- Men gå ikkje inn og dra kredittkortet blindt

Må kutte 300-450 millionar

Dramatisk situasjon for sjukehusa i fylket.

Hans Reite og homofili

Homo-aksjon mot Nytt Livs senter

- Dei skal ikkje buse fram slik, seier Hans Reite.

Porsekjellaren er tilbake

Gjenopning av klassisk utestad

Håper på gangveg til Vatne

– For ti år sidan byrja eg å sykle frå Vatne til Ørsta. På desse ti åra har trafikken auka mykje. No vert eg engsteleg av å sykle denne strekninga.