På plakaten står også poesikonsert med Edvard Hoem og julekonsert med Aasmund Nordstoga. Dei yngste kan gle seg til familiedag første søndagen i kvar månad, melder Aasen-tunet i ei pressemelding.

– Fagleg og litterært påfyll og gode musikk- og matopplevingar er stikkord for haustens kulturprogram i Ivar Aasen-tunet, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan.

Programmet inneheld alt frå apen Julius til Martin Luther og den vesle fuglen Papelina, så her skulle vere noko for dei fleste.

Den etter kvart så tradisjonsrike Boknatta gir smakebitar frå bokhausten. Unn Conradi Andersen debuterer i haust med romanen Alt uavklart, Marit Tusvik kjem med boka I hans armar og Lars Amund Vaage kjem med novellesamlinga Den vesle pianisten. Elin Furubotn og Torbjørn Økland krydrar det heile med vakre songar frå albumet Ikkje gå deg vill. Journalist Maria Dyrhol Sandvik vil leie samtalane med forfattarane.

Konsertar med Hoem og Nordstoga

Allereie i september er det klart for «Livet», ein poesikonsert med forfattar Edvard Hoem, folkemusikar Jorun Marie Kvernberg, jazzpianist Dag-Filip Roaldsnes og jazzvokalist Hilde Brunsvik. I slutten av november ønsker tunet velkomen til julekonsert med Aasmund Nordstoga, Åsmund Reistad og Erik Sollid.

Verdiar og Vesaas

Forskingsdagane, i regi av Høgskulen i Volda, har i år verdiar som gjennomgåande tema, og i Aasen-tunet vil publikum mellom anna kunne høyre førsteamanuensis Anemari Neple og professor Jan Inge Sørbø fortelje korleis den urolege tida under den andre verdskrigen påverka forfattarparet Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas. Det vert også innslag frå operaen Kimen ved komponist Magnar Åm og Volda Vokal.

Ivar Aasens reiser

Aasen-tunet markerer at det denne hausten er 175 år sidan Ivar Aasen la ut på den første reisa si, for å samle prøver frå dei norske talemåla. Første søndagen i oktober kan publikum få med seg dramatiseringa «Aasen sine reiser på 10 minutt» med Line Starheimsæter og foredraget «Dei gamle fjell i syningom» av Gaute Øvereng. Musikalsk reisefølgje vert ved Anne Marta Vinsrygg Vadstein og Geir Helge Ådneram. Same dag er det familiedag med aktivitetar og høgtlesing frå Janosch-klassikaren Med tigeren og bjørnen til Panama.

Korleis skrive eit liv?

Redaktør i Allkunne Per Magnus Finnanger Sandsmark set biografisjangeren under lupa i samtale med biografane Vibeke Lauritsen og Alfred Fidjestøl. Lauritsen har skrive 292 biografiar i Allkunne, og Fidjestøl lanserer denne hausten ein biografi om apen Julius. Arrangementet er eit samarbeid med nettleksikonet Allkunne.

Smakfull Luthersk heilaftan

I samband med Luther-jubileet byr tunet også inn til smakfull heilaftan i Aasen-tunet. Teolog og bibelomsetjar Anders Aschim samtalar med forfattar og postdoktor i historie Sigrun Høgetveit Berg om boka Reformasjonen. Det vert urframføring av verket «Fader vår». Her får publikum høyre Martin Luther sin tekst i ny omsetjing av Arve Brunvoll, med melodi av Ragnar Bjerkreim. Kjøkenet inviterer til trerettars middag, laga og servert slik Martin Luther ville likt det.

Første onsdagen i månaden kan den bakande bibliotekaren til Aasen-tunet igjen freiste med fersk litteratur og duftande bakverk i kafeen, og det vert mogleg å nyte god musikk framført av dyktige elevar frå Volda vidaregåande skule. Den første søndagen i kvar månad blir det familiedagar med kjekke aktivitetar og samlingsstunder med høgtlesing, med den populære juleverkstaden første søndag i advent som ei stemningsfull avslutning på det heile.

Ivar Aasen-tunet

Debuterer: Unn Conradi Andersen. Foto: Agnete Brun Foto: Agnete Brun
Poesikonsert: Edvard Hoem. Foto: Paal Audestad Foto: Paal Audestad