Det er avisa Fjordingen som skriv dette.

Lab-analysene etter innbrotet på Universitetsmuseet i Bergen er klare, og politiet opplyser i følgje UiB at dei har fått resultat dei ønskjer å sjå nærare på.

Det var 12. august at tjuvar tok seg opp på eit stillas og inn gjennom eit vindauge og stal 400 gjenstandar, mange av desse frå Bjørke. Gjenstandane stamma i hovudsak frå vikingtida, og publikum er  bedne om å melde frå om dei ser nokre av gjenstandane lagde ut for sal på internett.

To personar

Fjordingen skriv at politiet har funne DNA etter to personar frå inne i museet. Profilane vil verte sendt vidare til Kripos som vil undersøke dei i DNA-registeret.

Rektor ved Universitet i Bergen, Dag Rune Olsen, er forsiktig optimist etter den nye utviklinga.

– Det er gledeleg at politiet har konkrete spor i saka. No håpar eg den vidare etterforskinga fører til at vi får ei oppklaring av kven som stod bak innbrotet, og at museet får gjenstandane tilbake, seier Olsen til UiB.