Etterlysinga, med bilete, er sendt ut samstundes som saka er oppe i TV2 programmet Åsted Norge tysdag kveld.

I ei pressemelding frå Møre og Romsdal politidistrikt vert ein mann og ei kvinne etterlyst i samanheng med tjuveri av kosmetikk frå eit parfymeri på Kremmegården i Ålesund sentrum. Tjuveriet skjedde laurdag ettermiddag 15.juli.

Organisert

Politiet meiner det verkar godt planlagt og organisert, og vil ikkje utelukke at desse to har oppsøkt liknande parfymeri andre plassar både i og utanfor politidistriktet.

- Politiet er interesserte i observasjonar av paret knytta både til butikkar, kjøpesenter, eventuelt tog- og busstasjonar, står det i pressmeldinga frå politiet.

Tips kan sendast til tips-sunnmore@politiet.no.