Når 99 prosent av røystene er telt opp har Frp fått 26,5 %  i Ørsta, ein framgang på 5,8 prosentpoeng. Senterpartiet frå 20,1 %, fram heile 7,8 prosentpoeng. Arbeidarpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti er valtaparane, alle med tilbakegang på over fire prosentpoeng. Resultata er: Ap: 19,7 (-4,1), KrF:5,2 (-4,4), H:18,5 (-4,3). SV fekk 3,5 (+0,1), Venstre 2,4 % (-2,3) og MDG 2,3 (+1,0)

Volda

I Landbruksminister Jon Georg Dale si heimkommune Volda har Frp fått 21,6 % av stemmene, ein framgang på 4,4 prosentpoeng. Framstegspartiet er med det største partiet i Volda.

Brakval for Sp

Også i Volda har Senterpartiet gjort eit brakval,med 16,1 %, ein framgang på 6,2 prosentpoeng. Kristeleg Folkeparti er den store taparen i Volda med ein tilbakegang på 5 prosentpoeng, og får 9,8 %. Andre resultat: Arbeidarpartiet: 19,7 ( -0,8), Høgre: 15,8 (-3,3), SV: 7,3 (+0,7), MDG: 3,7 (+1,0), V:3,1 (-3,6)