Før var dei to som jobba tett saman på ToppTrening, mor og dotter, Berit og Trude Flø Johnsen. I mai gjekk Berit bort etter lang tids kreftsjukdom. Tilbake sit familien i sorg og med lengt. Og kvardagen har vorte annleis.

– Saknet er sterkt, men livet må gå vidare. Det ligg mykje av mamma i desse lokala, og dette vil eg forvalte vidare på ein best mogleg måte. Og no må eg lære meg å spele meir på andre, seier Trude.

Ho har teke over sirkeltreningane etter mora som var instruktør i mange år og som var med å etablere ToppTrening for ti år sidan, og før det Trico Treningssenter i Trico-bygget i Strandgata.

Trude synest det er litt rart å ta over mora sine timar, men mest godt og givande, og ho føler det er rett. No går den daglege leiaren på ToppTrening på med stort pågangsmot for nye og betre tider for treningssenteret – ei satsing heilt og fullt i Berit si ånd.

Flytta ut

Etter at Europris flytta ut frå nedste høgda i Helsehuset har det gitt nye moglegheiter for ToppTrening. Og no skal frivektarealet utvidast. Arbeidet startar i månadsskiftet med von om å verte ferdig til 21. oktober, då senteret skal markere tiårsjubileet.

– Etter utvidinga på 45 kvm vil vi kunne tilby eit enno betre tilbod til alle som ønskjer gode forhold for styrketrening. Det kjem fleire knebøystativ, nytt golv, nye vektskiver og betre ventilasjon. Samtidig startar arbeidet med å utvide i kjellaren, der sykkelsalen er. Der vert det eit stort areal til slyngetrening, medisinballar og ribbeveggar. Vi merkar stor etterspurnad etter større styrketreningsareal, og det er vi svært glade for, seier Trude Flø Johnsen.

Etter sommaren startar no sesongen for fullt for senteret som har fått auka pågang av kundar. Etter at Aktiv Trening etablerte seg i Ørsta, fekk ToppTrening ein liten nedgang, men no har det snudd.

– Vi har heile tida hatt fokus på vårt eige produkt og at vi skal utvikle oss. Vi satsar på å ha det beste av utstyr og vi satsar sterkt på kursing av instruktørane.

Flø Johnsen fortel om ein god sommar for treningssenteret, og at det er ein trend at fleire trenar heile året, også sommartida. Men pågangen er større om hausten, og i september kjem bedriftene for fullt.

Avtalar

ToppTrening har avtalar med fleire idrettslag. Utvidinga og satsinga som no vert gjort, er også med på å legge til rette for betre treningsforhold for større grupper.

– Det vert gode forhold for fysiske testar, noko som er viktig for å måle resultat av satsinga som vert gjort hos utøvarar og trenarar. Kombinasjonen av samarbeidet med Fysio1, ToppTrening og idretten er veldig interessant og det vert spennande å sjå kva vi kan få til saman. I tillegg til å kunne tilby høg kvalitet på utstyret, er det også viktig å kunne tilby teknologiske løysingar som er brukarvenlege for kundane. Her har vi ein samarbeidspartnar som er langt framme, og eit stort støtteapparat i ryggen, slik at vi alltid skal vere trygge på at vi har den beste løysinga, fortel den daglege leiaren.

Gruppetimar

I tillegg til satsing på styrketrening, er gruppetimar eit stort satsingsområde. ToppTrening har gode tradisjonar for gruppetimar, og kundeundersøkingar viser at dette er noko kundane er mest nøgde med.

– For nye kundar er det alltid utfordrande, og kanskje litt skummelt, å starte på gruppetimar. I haust vil det vere lettare enn nokon gong. Eit kort spørjeskjema på nettsida vår vil gi umiddelbare svar på kva gruppetimar som passar for den enkelte, og det vil vere lett å finne gruppetimane på timeplanen. Dette er eit unikt, brukarvenleg og nytt verktøy som ingen andre treningssenter i området kan tilby, seier Trude Flø Johnsen.

Aukar: ToppTrening har auka pågang. Her står Trude Flø Johnsen saman med Eirik Åmbakk (t.h), Oliver Mork Kleppe (sitjande), Trym Øye og Sondre Flåskjær. Foto: Roy-Arne Folkestad