Stig J. Helset, ørsting busett i Volda, har disputert for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen. Han har forska på valfridomen i nynorsk.

"Norm og røyndom"

Helset si doktoravhandling heiter "Norm og røyndom - Ein statistisk studie av operative normer i det nynorske skriftspråket".

–Det særmerkte med språksituasjonen i Noreg er ikkje at vi har fleire offisielle språk. Det særmerkte er at norsk skriftspråk har to offisielle målformer, nynorsk og bokmål, som båe har stor valfridom når det gjeld staving, bøying og avleiing, og som dermed kan bli temmeleg like kvarandre dersom ein nyttar valfridomen i radikal lei, står det i omtalen av doktoravhandlinga, på Universitetet i Bergen sine heimesider.

Forsking

Gjennom ei systematisk gransking av formvala i eit stort og samansett utval av språklege variablar i eit stort og representativt utval av nynorske tekstar henta frå tidsrommet 1980-2010 kartlegg studien førekomsten og frekvensen av ulike former, og ikkje minst eksistensen av subvarietetar som består av bestemte språklege former som samvarierer på tvers av tekstane i materialet.

Konklusjon

Avhandlinga  konkluderer med at dei moderate formene fullstendig dominerer over dei radikale og konservative formene, og med at det i materialet eksisterer ein tydeleg varietet av moderate og svakt radikale former og ein noko mindre klar varietet prega av meir radikale former, medan det ikkje er grunnlag for å identifisere nokon konservativ varietet.

– På denne bakgrunn tilseier funna i avhandlinga at ein ved framtidig normering av nynorsk bør gå i retning av ei meir snever rettskriving som er prega av moderate former, står det i omtalen av doktordisputasen.

I Bergen

Stig J. Helset er tilsett ved Institutt for språk og litteratur, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Høgskulen i Volda. Disputasen vart halden ved Universitetet i Bergen fredag.

Stig. J. Helset er ørsting busett i Volda. Foto: Pressefoto