Det er neste helg det skjer. BokkeReidars Bluesband skal spele saman med gode venner for det som ligg an til å bli ein fullsett Chat Noir.

Gratis!

Og det skulle berre mange at konserten ikkje får ørstingar, voldingar og andre sunnmøringar til å møte opp: For moroa er gratis!

–Eg er overraska over responsen. Det er framleis nokre få billettar att, men det gjeld å vere om seg, seier banksjef Hallvard Bjørneset i Sperebank1 Søre Sunnmøre.

Han legg til at billetbestilling kan skje via banken sine heimesider.

Banken betaler

Den lokale sparebanken kallar seg "samarbeidspartner". Det betyr at dei betaler gildet. Dermed vert ein draum for BokkeReidars oppfylt.

–Vi har spelt i Oslo mange gongar, men ikkje for eit så stort publikum, seier Andre Folkestad.

Øvingshelg

Denne helga er BokkeReidars er samla på Kaarstadbygget i Volda for å øve. Konserten er om ei veke - laurdag 26. august. Gjesteartistar er Beate Lech, Vidar Busk og Palle Wagnberg. Dessutan spelar BokkeReidars fleire nummer saman med Side Brok.

Oslo-framstøyt

Sparebank1 Søre Sunnmøre har mange utflytta ørstingar og voldingar som kundar, og har dei sista åra arrangert festmiddag med potetball  i hovudstaden. I år vert det altså BokkeReidars som står på menyen.

–Vi får håpe det ikkje går i ballj, seier Svein Hunnes i BokkeReidars.

Andre Folkstad og Svein Hunnes i BokkeReidars saman med banksjef Hallvard Bjørneset i Sparebank1 Søre Sunnmøre. Foto: Svein Aam