Slik summerer statsråd Siv Jensen (Frp) opp inntrykket ho har av Vartdal Plastindustri.

Ho og statsråd Sylvi Listhaug besøkte Ørsta fredag. På Vartdal gav dagleg leiar Jan Endre Vartdal ei kort innføring i bedriftshistoria – frå den første fiskekassa i 1965, til dagen i dag, der dei står stødig på to bein – innan fiskeindustrien og i byggebransjen, der dei m.a. leverer isolasjon. Omsetninga for konsernet var i fjor på over 600 millionar kroner.

Ligge i forkant

– Men vi kan ikkje kvile. Sjølv om det går godt, må vi heile tida ligge i forkant. Det beste vi gjer er å tilby kundane våre eit produkt som dei treng, før dei i det heile veit at dei treng det sjølve. Produksjonen går sin gang, og vi har tilsette som står på, men vi er opptekne av at det vi gjer i dag, ikkje er noko vi nødvendigvis skal gjere i morgon. Om vi ikkje endrar oss, kan ballen byrje å rulle feil veg. Vi må utfordre det etablerte, seier Vartdal.

Rundt 120 tilsette har sin faste arbeidsplass på Vartdal – ei bygd med omkring 700 innbyggjarar.

– Bygda treng oss, og vi treng bygda. Difor er vi også opptekne av å gi noko tilbake gjennom å til dømes støtte idrettslag og andre med pengar. Vi treng skulen og vi treng at her bur folk. Det er eit gjensidig behov. Folk treng arbeidsplassar, og vi treng arbeidsfolk.

Formuesskatten

– Dette er noko som er nødvendig å ta vare på. Møre og Romsdal er unikt. Her er store bedrifter i kvar ei fjordarm, seier Siv Jensen og Sylvi Listhaug til Møre-Nytt.

– Å få halde til her på fjellhylla vår, og kunne bidra med det vesle ekstra, det er utruleg inspirerande, seier Vartdal.

Men nokre utfordringar har dei. Mellom anna handlar det om samferdsel.

– Vi er nok den største kunden til Fjord1, etter Nettbuss, og legg att sikkert over 20 millionar kroner årleg på ferjene. Vi er opptekne av å få gode vegsamband, men vi er også opptekne av at dei vegane vi allereie har, vert godt haldne ved like, medan vi ventar på noko betre.

Formuesskatten var også eit tema som vart løfta fram. Siv Jensen meiner skatten gir fordelar til utanlandske eigarar.

– Er du, som Vartdal Plast, eigar av ei bedrift i Noreg, så må du betale skatt for det. Har du eigarar i utlandet slepp du unna. Det gir klare konkurransefortrinn for dei utanlandske eigarane. Skal nokon selje bedrifta si, vil dei også kunne betale meir enn det norske interessentar ville kunne tilby. Dette ønskjer vi sjølvsagt å gjere noko med, men det er bratte bakkar. Ikkje alle er samde om at dette er noko vi skal endre, seier Jensen.

Jan Endre Vartdal seier at skatten reelt sett er ein selskapsskatt.

– Skatten er upåverka av resultatet til selskapet. Det er diskriminering av norsk og privat eigarskap. Formuesskatten vi betalar, er pengar vi kunne brukt i bedrifta til å utvikle meir. Vi kunne sjølvsagt ha tatt ut meir pengar, men det er ikkje slik vi jobbar her. Vi er heldige som har ei god bedrift i ryggen og kan betale dette, men det er ei høg belastning dess dårlegare det går, og det kan velte dei små, seier Vartdal.

– Om ikkje bedriftene i distrikta går godt, vil sentraliseringa bli 1.000 gongar sterkare. Jonas Gahr Støre (Ap, red.anm.) er tilhengar av skatten, men han forstår ikkje Vestlandet om han trur at auka skatt gir fleire arbeidsplassar.

– Han må gjerne kome ein tur hit, repliserer Jan Endre Vartdal.

– Han har sikkert mykje å lære meg, men vi kan få ein god diskusjon på dette.

– Det er viktig å sjå verdien av dette, og kva det betyr for små stader er at der er oppegåande bedrifter, som Vartdal Plast, seier Siv Jensen.