Ørsta vann til slutt 5-0, og med det resultatet held laget stø kurs mot opprykk.

– Neste kamp, mot Blindheim, vert viktig. I alle fall for Blindheim. Vinn vi den kampen, vil vi ha ti poeng ned til dei, seier trenar Are Bjørgum.

Han er svært nøgd med gjennomføringa av kampen mot Giske.

– Vi la ein plan før kampen om å presse høgt, samstundes som vi skulle nekte dei bakrom. Giske har ein god og rask spiss, og då var det viktig å hindre at han fekk gjennombrotspasningar. Det lukkast vi med, seier Bjørgum.

Ørsta tok leiinga etter sytten minutt. Laget fekk hjørnespark. Ballen vart i fyrste omgang klarert, men Ørsta vann han tilbake, og det kom inn eit nytt innlegg. På bakarste stolpe stod Mats Øvrebotten. Han fekk nikka ballen ned til Olai Vinjevoll som skåra sikkert.

Med hælen

37 minutt ut i omgangen vart det 2–0, og det var eit skikkeleg arbeidsmål. Giske spelte tilbake til målvakta, og Øvrebotten sprang etter for å presse. Det stressa målvakta, slik at han skaut ballen inn i hælen til Øvrebotten, og ballen gjekk i mål.

Fem minutt ut i andre omgang var Øvrebotten på farta igjen. Han såg at Jan Marius Brekke kontra, og var klar då gjennombrotspasninga kom. Han skaut i steget, og ballen fauk inn i krysset.

Eit kvarter ut i omgangen vart Øvrebotten spelt igjennom igjen, og denne gongen plasserte han ballen i mål med venstrefoten.

God form

Tjue minutt før slutt kom det femte målet. Ørsta fekk eit hjørnespark som vart klarert. Kristian Myklebust fekk ballen. Frå skrått hald skaut han mot mål, og ballen gjekk inn i lengste hjørnet.

– Eg er litt usikker på om det var meint som skot eller innlegg, seier Bjørgum med eit smil.

Då stod det 5–0, og det vart også sluttresultatet. Bjørgum er svært nøgd med korleis laget stod fram torsdag.

– Kampplanen vart gjennomført til punkt og prikke. Spelarane er i god form etter ferien. Dei yngste har vore med på Dana Cup, der dei gjorde det godt, og dei eldste har trent tre ykter per veke i tre veker før haustsesongen starta. Dette ser bra ut, seier Bjørgum.