Torgeir Krøvel- Velle fortel at han melde inn heile familien da dei skulle på ein tur til Reindalseter  i Tafjordfjella.

ÅST si nettside ( aast.dn.no) skriv at han og kona Anne Marte gjekk trekanten mellom Reindalseter, Pyttbua og Veltdalen for ca 10 år sidan, og likte seg så godt at dei ville gje same oppleving til barna, alt medan dei framleis er små.

- Turen opp med Arne på 5 og Sverre på 8 år gjekk som ein draum, og dei hadde to fine dagar med fisking, småturar og kortspel, står det på nettsidene til ÅST.

Til neste år planlegg dei ein litt lengre tur til fleire av hyttene i Tafjordfjella.

- Dei siste åra har fokus vore på småbarn og familieliv, og naturleg nok har det ikkje blitt så mange langturar, men Torgeir prøver å få gått litt  lokalt i Ørsta, står det på ÅST sine nettsider.

- Favorittområdet er Sunnmørsalpane, fortel Torgeir vidare, og sier at i Ørsta bur han midt i smørauget. Men både Aurlandsdalen og Hardangervidda er  flotte område som han gjerne besøker. Den beste turen går likevel til Kolåstind, med ski på føtene.