I ein e-post, som også har gått til andre lokalpolitikarar, samt leiinga i kommunen, og Møre-Nytt, skriv Kolås: «Det har kome fram spørsmål i form av anonyme brev til kommunen, (til Gunnar Wangen) i starten av året 2017 om Inge Kolås sin habilitet vedkomande Legene bustadområde. Inge Kolås har i e-post til kommunen (til Gunnar Wangen) opplyst at Inge Kolås ikkje har hatt styreverv eller noko form for eigarskap i Legene Utvikling AS frå og med 01.01. 2017. Eg registrerer at enkelte enno trur at Inge Kolås ikkje er habil i området saka Legene, då Inge Kolås har økonomiske interesser i tilknyting til dette området. Dette er altså heilt feil!»

Trekte seg ut

Kolås var opphaveleg aksjonær i Legene Utvikling AS, men har trekt seg ut av selskapet, somjobbar for å få til eit bustadfelt på Legene på Åmås.

–Eg trudde eg hadde informert medpolitikarane mine godt nok, men registrerer at det er enkelte som ikkje har oppfatta det. Eg vil ikkje ha det hengande slik, og difor skreiv eg e-posten, og lesarinnlegget, seier Kolås.

Støttar utbygging

I innlegget/e-posten står det vidare: «Som tillitsvalgt politikar i Ørsta for Frp, så vil derfor Inge Kolås engasjere seg aktivt for at Legene Bustadområde skal utviklast til det beste for Ørsta og området på Dalane.  Vi treng levande bygder, der folk vil trivast! Bulyst og etableringslyst, ja det må stimulerast også i dei ulike bygdene tilstøytande Ørsta sentrum.»

–Som politikar har eg interesse av at Legene vert utvikla, men eg har altså ingen økonomiske interesser i utbygginga, seier Kolås til Møre-Nytt.